Helse | 01. okt. 2024

Innovasjonspris til «Heima best»-prosjektet

– Vi tenker nok ikkje så mykje over at vi blir forska på.

Innovasjonspris til «Heima best»-prosjektet
Heimetenestene i Os avd 3 er ei av to pilotgrupper i prosjektet. F.v. rundt bordet: Cathrine Bjelkarøy Steensen, Line Næss, Hilde Hjelle, Håvard Limstrand, Morgan Lyssand, Victoria Bjørgo Haarvei, Julia Fagerthun og Vegard Ludvigsen. Foto: Ragnhild Stende Bjaadal / Bjørnafjorden kommune
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. okt. 2024 10:15

«Heima best» er ein del av forskingsprosjektet INCA.

INCA står for Innovation in municipality home-based health care services, enkelt omsett til innovasjon i kommunale heimetenester, og er eit samarbeid mellom NORCE, Senter for omsorgsforskning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Bergen kommune og Bjørnafjorden kommune.

«Heima best» er testa ut på to avdelingar i heimetenestene i Bjørnafjorden: Gruppe 2 Fusa og Avdeling 3 Os.

Forskarar frå NORCE og Høgskulen på Vestlandet har følgt arbeidet undervegs.

– Vi tenker nok ikkje så mykje over at vi blir forska på, seier avdelingsleiar for Avdeling 3 Os, Hilde Hjelle, i eit intervju med kommunen si heimeside.

Avdelinga hennar har prøvd ut den nye arbeidsmetodikken dei to siste åra.

I september, under Kunnskapskommunekonferansen i Bergen, blei prosjektet tildelt årets forskings- og innovasjonspris.

I grunngivinga for prisen, heiter det mellom anna at:
INCA er et innovasjonsprosjekt som har ført til ny organisering av hjemmesykepleien i både Bergen og Bjørnafjorden kommune. (…)
I Bjørnafjorden, kjent som «Heima best», har prosjektet bidratt til en omstilling mot nye arbeidsmåter og tjenester. På mange måter er Bjørnafjorden tidlig ute i den omstillingen som vi ser mange kommuner også må gjennom fremover – både i å jobbe på nye måter, og å få en ny organisering og levering av tjenester, ifølgje alrekhelseklynge.no

Heima best-prosjektet er eit forsøk på å løysa ei av dei verkeleg store samfunnsutfordringane våre: Fleire eldre og pleietrengande, samstundes som vi er færre til å jobbe i helse- og velferdstenestene.

Lengst og best mogleg i eigen heim

Målet med Heima best er å utvikla dei kommunale heimetenestene, og legga til rette for at folk kan bu lengst mogleg i eigen heim.

– Før budde vi kanskje ti år på ei buavdeling på ein aldersheim. Slik er det ikkje lenger. Det er ikkje nok institusjonsplassar, bemanning eller ressursar rundt om til å dekka behovet vi no vil møta, seier prosjektleiar for Heima best, Hanne Kårstad Engeseth, i det same intervjuet på bjornafjorden.kommune.no.

– Brukarane merkar nok ikkje forskjell. Først og fremst handlar det om kartlegging, systematisering og kvalitetssikring av oppgåvene våre.

Heimetenestene gjennomfører òg familiemøte med pårørande til brukarar.

Heima best-leiinga skildrar dei tverrfaglege tavlemøta dei har, saman med ergo- og fysioterapitenesta kvar veke, som det aller beste med prosjektet.

Det er òg noko dei håper å ta med seg vidare inn i alle avdelingar i heimetenestene når prosjektperioden for Heima best er over til nyttår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.