Innsamling frå onsdag!
Streiken er over og BIR er raske med å kasta seg rundt. Har du tømmedag onsdag så sett fram spannet ditt og la det stå - for bossbilen vil bruka lang tid på ruta i morgon!
Streiken førte blant anna til stopp i innsamling av restavfall i Os og andre kommunar BIR tar hand om.
Det har hopa seg opp fleire plassar, men allereie i morgon startar innsamlinga igjen.
Lat stå!
– Dei som har tømmedag onsdag må trilla det fram til onsdag morgon. Ta gjerne med sekkar om du har samla opp meir enn kva du fekk plass til i spannet, seier kommunikasjonssjef i BIR, Mette Nygård Havre.
– Men det tar nok tid å samla inn avfall i morgon, så la spannet stå utover ettermiddagen sjølv om vi ikkje har vore der til vanleg tid, legg ho til.
Enkelte må venta
Dei som har tømmedag måndag eller tysdag må dessverre venta til neste veke med henting, men gjenvinningsstasjonane opnar også igjen, så om du vil betala nokre kroner for å kvitta deg med bosset så slepp du å venta.
– Men hugs at sekkar med restavfall ikkje skal innehalda matavfall, berre det som er for stort til å putta i spannet skal leverast på gjenvinningsstasjonane, seier Nygård Havre.