Ole Reinert Berg-Olsen har byrja å jobba med neste album, som kjem ut i 2014, på engelsk, med Jace Everett og Steffen Jacobsen med på eine låta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pressefoto av Everett)
Ole Reinert Berg-Olsen har byrja å jobba med neste album, som kjem ut i 2014, på engelsk, med Jace Everett og Steffen Jacobsen med på eine låta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pressefoto av Everett)

Innspeling med Jace og Jacobsen

Etter debut på norsk og rekordsal av Steingard, har ORBO med seg Jace Everett (Bad Things/True Blood) og Steffen Jacobsen (Idol) på neste album. 

Kjetil Vasby Bruarøy
29. juli 2013 - 15:03

ORBO (Ole Reinert Berg-Olsen) har hatt god respons og fine tilbakemeldingar på sitt første album på norsk Steingard, som kom ut i mars.

– Eg blei positivt overraska då plateselskapet ringte meg og fortalde om rekordsal, ingen av dei andre albumma mine har selt så godt første månad og salet har halde seg bra, fortel ORBO.

Konsertar og festivaljobbar har blitt viktigaste inntektskjelder for dei fleste av dagens musikarar, men han gler seg over godt sal og aukande omsetnad i digitalt sal av musikk.

– Det har også blitt ein god del firarar frå kritikarar, og fine tilbakemeldingar frå publikum. Men eg har litt fans i USA å tenkja på, og trivst også med å synga på engelsk, så neste album blir ikkje på norsk.

Møtte Everett på Svalbard

Amerikanske Jace Everett (41) tok seg i to veker i 2009 opp til 2. plass på VG-lista med låta Bad Things, som er skriven for den Golden Globe- og Emmy-vinnande HBO-serien True Blood.

Låta blir spelt mykje på norsk radio, og første gong underteikna høyrde låta ringte eg til ORBO for å høyra om det var hans låt.

Dei er litt like i stilen, og på eit oppdrag på Svalbard møtte dei kvarandre.

– Det er litt morosamt når du møter folk du føler du kjenner frå før. Vi fekk ein fin tone og har halde kontakten.

Då ORBO, som blant anna hadde Steinar Albrigtsen og Herborg Kråkevik med seg på førre album, byrja å jobba med neste plate, kom ei låt han meinte ville passa for Everett.

– Vi hadde snakka om å gjera noko saman, men å ikkje gjera det før det kom ei låt eller ein situasjon som passa. Eg sendte låta over til han, i Nashville, og han har spelt inn vokal og sendt i retur.

Idol-Steffen tok turen til Os

Medan ORBO hade dialog med Everett, fortalde han om Steffen Jacobsen, som på første Idol-audition song  Josh Turner sin nummer éin-låt, Your Man, som Everett har vore med å skriva.

– Vi prata om å ha han med på låta, og via felles kjente fekk eg kontakt med Jacobsen.

Steffen, som kom på 3. plass i årets Idol, tok turen til Os for innspeling i ORBO sitt studio, Hordaland Studio.

Notodden neste – og så heim igjen til Os

Ved sidan av jobbing med neste album har ORBO tatt ein del spelejobbar med Steinar Albrigtsen, og fredag speler han med Albrigtsen og Monica Norli på Notodden Bluesfestival.

– Dei har gjort eit opplegg ut av å samla oss tre norske, frå kvar sin del av Noreg, på same scene.

På veg heim blir det ein liten jobb under ein fotballcup på Dale.

For dette året har det handla mykje om å koma seg heim igjen til Os, som den eine låta på Steingard heiter (sjå video).

– Det har vore deilig med eit år med lite reising og mykje tid heime, med familien og med båtturar i Os.

– Mine beste barndomsminne er frå turar til Os om sommaren, og ut i båt, og det var utruleg deilig å få eigen båt, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Han har brukt båten sin over 300 timar på eitt år.

– Eg har også funne nokre fine plassar å setja teinene mine, seier han med eit lurt smil.

Les meir om

Kultur Artistar ORBO