Kultur | 10. des. 2019

Internasjonale stjerner inntar Oseana med gospel

Dei har sunge med blant andre U2, Aretha Franklin og Christina Aguilera. – Publikum i Noreg er litt rolegare, men etter to-tre låtar får vi dei til å røra på seg, seier Anthony Morgan.

Internasjonale stjerner inntar Oseana med gospel
The Harlem Spirit of Gospel turnerer i Europa. Laurdag kjem dei amerikanske stjernene til Os. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. des. 2019 13:49

Oseana har hamra litt på stortromma denne jula, og booka The Harlem Spirit of Gospel frå New York til å synga jula grundig inn.

– Vi ville by på noko litt annleis, og dette koret turnerer i Europa no før jul, seier arrangementsjef i Oseana, Berit Steen.

– Eg har sjølv vore på gospelkonsert i Harlem. Den song- og musikkgleda du finn der trur eg ikkje du ser mange andre stadar.

(Sjå video av gruppa saman med U2 nedst i artikkelen)

Eit scoop, meiner Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Dei har spelt på ei rekkje kjente TV-show, og på dei store scenane i til dømes Italia, Australia og Kina. Dette blir ei førjulsoppleving som skil seg ut.

Frå 23 til 66 år

Gruppa blei starta i 1986 av Allen Bailey, og er i dag leia av Anthony Morgan.

- Vi har kome til Noreg. Akkurat no er vi på ein flyplass, men eg veit ikkje i kva by, seier meastro Morgan.

The Harlem Spirit of Gospel består av pianist, bassist, trommespelar og fem vokalistar.

– Yngste medlem er 23 år, mens eg er eldstemann på 66, fortel leiaren av gruppa.

Vann gospelkonkurranse med 19.000 deltakarar

På heimebane syng dei mest i ulike TV-program og på private festar.

– Det er ingen andre som har råd til oss, seier Anthony og ler.

Han har sjølv vore med og sunge med band som Aretha Franklin, Diana Ross, Stevie Wonder, Gladys Knight og Ray Charles. Gruppa har tidlegare hatt ein eigen turné der dei har hylla Aretha Franklin.

Med seg i gruppa har han blant andre J1 Robinson.

– Robinson vann The McDonald's Gospelfest i Newark, New Jersey i 2017, ein gospelfestival med 19.000 deltakarar. Han vil framføra ein av sine eigne låtar, «Yet Will», i Oseana.

– Korleis er det europeiske publikummet?

– Litt rolegare enn heime i USA, i alle fall i starten. Men etter to-tre låtar får vi dei til å røra på seg og vera litt med. Vi har fått tilbakemeldingar frå publikum at dei slepp seg litt meir laus på våre konsertar enn kva dei vanlegvis gjer.

Det er i skrivande stund selt rundt 300 av 500 billettar til konserten laurdag.

Under ser du The Harlem Spirit of Gospel saman med U2:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.