Kultur | 12. nov. 2014

Interstellar med forfilm frå Os

Fredag hadde storfilmen Interstellar premiere. Før kvar vising av filmen får publikum sjå ein kortfilm av Rolv Lyssand Bjørø.

Interstellar med forfilm frå Os
Skjermskot frå Bjørø sin kortfilm The Last Sample. Torgeir Sande Bjørø (4) og Rolv sin onkel Harald Lyssand er dei einaste skodespelarane i filmen, som blei spelt inn på éi helg.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. nov. 2014 08:25

Interstellar er ein av dei filmane det er knytt mest merksemd til på kino i år. Filmen har allereie fått både publikum og film-meldarar til å gå av skaftet, blant anna har Adressa, Aftenbladet og FilmMagasinet delt ut terningkast 6 til Christopher Nolan sitt science fiction-eventyr.

Skal du sjå filmen på Bergen Kino får du først sjå kortfilmen The Last Sample av osingen Rolv Lyssand Bjørø.

– Eg har fått ein del merksemd for den filmen og éin av dei fekk eg då filmen fekk 2. plass i ein sommarfilmkonkurranse i Bergen. Der var også kinosjefen i Bergen, som lovde meg god sendetid som premie i tillegg til dei 10.000 kronene eg vann.

– Nolan er eit stort forbilde for meg. At det blei nettopp som forfilm på Interstellar er ekstra stort, synest Bjørø.

Skodespelarar frå Os

Kortfilmen The Last Sample er laga på lågbudsjett (50 kroner i Cola og Reinsdyrkjeks til skodespelarane). Filmen blei ferdig på éi helg.

Fleire andre osingar er involvert. Rolv sin nevø Torgeir Sande Bjørø (4) og Rolv sin onkel Harald Lyssand, er skodespelarar i filmen. Rolv har regi, manus og klipp, mens Bjørn Inge Drønen er fotograf og Johannes Lyssand Veim er altmoglegmann.

The Last Sample handlar om ein gamal mann sitt siste forsøk på å gjenoppleva barndomen. Det er ein ganske mørk og dyster film. Den passar i grunn bra som forfilm på Interstellar, dei har eit litt likt tema, fortel Bjørø.

Interstellar handlar om ei gruppe oppdagelsesreisande som kjem over eit nyoppdaga ormehol i vårt eige solsystem, som gjer at menneske kan legga bak seg enorme avstandar og reisa til fjerne og tidlegare utilgjengelige solsystem.

Filmen har blant anna Matthew McConaughey, Anne Hathaway og Michael Caine i hovudrollene. Les meir og sjå trailer på Instellar på Filmweb.no.

Sat i salen i går

Sjølv var Rolv og såg Instellar tysdag kveld.

– Det hadde skjedd ein glipp, så kortfiolmen min blei ikkje vist i helga. Men no er han der, han blei vist i går.

– Det var med ein aldri så liten porsjon ærefrykt eg sat i salen og såg min lågbudsjettfilm blei sett opp mot eit meisterverk med 1,1 milliardar kroner i budsjett, fortel filmskaparen frå Os.

Han seier ha fekk inntrykk av at publikum rundt han i salen blei litt forvirra då det kom ein kortfilm før spelefilmen.

– Mange sat og mumla etterpå. Eg fekk inntrykk av at dei likte den. Eg håper i alle fall det.

Håper på ny bergensbølge

Målet til Lyssand Bjørø er framleis å koma så langt som regissør at han kan få laga sin første spelefilm.

– Det er ein stor fordel å laga ein del kortfilmar først. Vi er fleire som jobbar med å skapa ei tilsvarande bergensbølge med film som vi har hatt med musikk.

– Eg har også etablert eit samarbeid med Fyllingsdalen Teater saman med ein annan regissør, og eg trur det kan koma ein del spennande film ut frå det samarbeidet.

Les òg:
Rørande av Rolv
– Det var intenst, men eg var heldig

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.