midtsiden

Investerte i ny sjark

Thomas Arentzen (22) og Johannes Røttingen (25) er to av få unge sjarkfiskarar. Onsdag kom dei heim med ny båt.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag formiddag kom Johannes og Thomas heim til Os og Søre Øyane med ny sjark, ein 13 meter lang båt bygd av Promek, kjøpt i Kristiansund. Ny ville den ha kosta 12 millionar kroner, utan utstyr. Dei to unge fiskarane fekk «Fosnabuen» for fire millionar kroner, og ein del utstyr med på kjøpet.

SJÅ FLEIRE BILDE OG FILMSNUTT NEDERST

- Dei tok min førre sjark «Øyfisk» i innbyte. Millionen i mellom betalte Thomas, så no eig han 25 prosent av aksjane i Røttingen Havfiske AS, seier hovudaksjonær Johannes Røttingen.

Frå 12 til 30 tonn
Thomas har fiska med faren Arne sin sjark fram til no. Johannes har fiska med pappa Elling frå han var ung. 17 år gamal kjøpte han sin første sjark, 8 meter lang, så auka han til 9 meter, 10,65, 12,12 og no 12,99 meter.

- Den største forskjellen er kapasiteten, med denne båten kan vi ha 30 tonn fisk med oss, mot 12 tonn i den førre. Maskina er også om lag dobbelt så stor, 316 hk mot 160 i den førre, fortel Johannes.

Med stor messe kominert med bysse og to lugarar har dei to fiskarane det dessutan betre mellom øktene.

- Når det gjeld buforhold kan du gonga det med hundre. Det skal bli fantastisk å få kvar sin lugar dei ofte få timane vi har til å sova.

Nyebåten har også lossepumpe, så no kjem det til å gå fortare å levera fangsten.

Elias: Bestefar, båt og son
Alle båtane Johannes har hatt til no har blitt kalla «Elias», bortsett frå den førre båten, «Øyfisk».

- Eg fekk mykje kjeft då eg endra namn, frå andre fiskarar som sa dei ikkje kjente meg igjen. Så denne skal definitivt heita «Elias».

Båten blir som dei første oppkalla etter bestefaren til Johannes. I løpet av desember skal Johannes bli far til ein gut. Namnet er allereie bestemt.

To av få
I Os kommune er det færre enn 10 sjarkfiskarar. I Hordaland er det færre enn 10 sjarkfiskarar under 30 år.

- Eg bestemte meg då eg var seks år gamal, kva eg ville bli, og rakk nesten å bli ferdig med ungdomsskulen før eg byrja å fiska for fullt, seier Johannes.

Thomas gjorde det same.

- Kva er det de liker best med yrket?

- Det er spennande, med konkurranse båtane immellom om kven som fiskar best, og veldig ulike dagar. På større båtar er det nok meir samleband.

Sjarkfiskarar får også nokre timar meir i friluft enn dei fleste andre.

- Å ligga og dorga mellom plattformene, på blank sjø medan sola står opp, der er noko for seg. Det er få unge som vel dette yrket, oppover kysten også, det er berre gamlingar vi møter. Vi driv i eit utdøande yrke. Det er rart, og litt synd, synes Røttingen.

LES ÒG: Noreg hadde 98.000 fiskarar og 33.500 båtar i 1950, medan det i 2001 var i underkant av 19.000 fiskarar og 12.000 båtar på landsbasis, skriv Laila Helen Hansen i ei mastergradoppgåve med tittelen «Hvorfor bli sjarkfisker».

3000 timar på eitt år
Johannes var for ung til å få makrellkvote då desse blei innført og delt ut. Fiskarar, mange av dei for småfiskarar å rekna, blei tildelt kvotar større enn dei hadde bruk for. Desse blei fort verdt mykje pengar.

- Eg trur eg var blant dei første i Noreg som kjøpte makrellkvote, og dette er framleis den einaste kvoten vi har i selskapet. Resten blir fiska på open kvote. Skulle vi kjøpt så mykje kvote som vi er interesserte i, måtte vi nok punga ut nye 4 millionar kroner.

Utanom makrell fiskar Thomas og Johannes torsk, sild, sei, hyse og breiflabb, med snurpenot, garn og krok (dorg, ikkje line). Utfordringa er ikkje å få nok fisk, men å få levera fisken.

- Det er ein del mottak som slit med likviditeten. Dei kjøper torsk og heng den på hjell, så får dei gjerne ikkje lånt pengar til å kjøpa meir, sjølv om det å selja den ikkje er vanskeleg.

Målet til dei to unge fiskarane er å tena nok pengar til å kjøpa fleire kvotar.

- Med fleire kvotar kan vi driva meir effektivt, hala opp meir og av og til få litt fri. Slik det er no blir det jobb nesten kvar dag, den førre båten hadde gått 3000 timar på eitt år då eg leverte den frå meg, seier Johannes.

Allereie onsdag kveld var Thomas og Johannes og håva opp 8 tonn med sild i den nye båten. Dette skal leverast på Sotra klokka 7 torsdag morgon. Frå starten av januar blir dei to gåande samanhengande på fiske fram til påske.

Under bilda kan du sjå ein filmsnutt av dei to på seifiske på Møre med «Øyfisk».


Fleire saker