Inviterer syndaren til ryddeaksjon
Nokon har kasta eit lass med boss i Lysehagen. Viss vedkomande melder seg blir forholdet ikkje meldt til politiet.


Onsdag formiddag oppdaga leiinga i Sperrevik AS, selskapet bak det nye tomteområdet Lyseahagen, at nokon har dumpa eit heilt hengarlass med avfall i området.
– Det er ganske mykje, og ser faktisk verre ut når du står her enn kva du ser på bildet, seier styreleiar Øyvind Bertelsen.
I haugen ligg alt frå materialar og knust toalett til jakke, sko og tallerkar.

– Det har truleg blitt dumpa her ein gong mellom måndag i 09-tida og tysdag klokka 21. Det er eit trist syn, det ville jo ha kosta berre ein hundrelapp å kasta dette hos Bir.
Sperrevik AS har foreløpig ikkje meldt forholdet til politiet.
– Vi vil gi syndaren ein sjanse til å rydda etter seg. Viss vedkomande kontaktar oss innan klokka 11 torsdag, så ventar vi.
– Samtidig bør vi kanskje informera politiet, i tilfelle nokon har stole ein tilhengar og tømt avfallet hos oss. Men vi melder ikkje forholdet viss syndaren vil ordna opp etter seg.
– Klokka 12 byrjar vi å rydda, og då vil vi gå nøye gjennom avfallet for å sjå om vi finn spor politiet kan jobba etter. Vi er naturlegvis òg interessert i tips.





