Lokal | 14. feb. 2017

Inviterer til dugnad for å rydde strandsona

– Gå saman med naboar og vener og bli med og rydd strandsona, oppmodar Marie og Laila, som tysdag rydda Haugsnesfjero.

Inviterer til dugnad for å rydde strandsona
Varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) og ordførar Marie Bruarøy (H) tjuvstarta dugnaden med å rydda Haugsnesfjero for plast og anna boss (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 14. feb. 2017 10:04

Bildeserie:

Ta med naboar og vener på dugnad i helga, oppmodar Marie Bruarøy og Laila Reiertsen (foto: Andris Hamre)
Ta med naboar og vener på dugnad i helga, oppmodar Marie Bruarøy og Laila Reiertsen (foto: Andris Hamre)
Tysdag rydda ordførarane saman med Midtsiden Haugsnesfjero (foto: ordførar Marie Bruarøy)
Tysdag rydda ordførarane saman med Midtsiden Haugsnesfjero (foto: ordførar Marie Bruarøy)
Også desse båtane vil ordførarkollegaene få fjerna, om ikkje eigar gjer det sjølv innan kort tid (foto: Andris Hamre)
Også desse båtane vil ordførarkollegaene få fjerna, om ikkje eigar gjer det sjølv innan kort tid (foto: Andris Hamre)
1 av 3
Ta med naboar og vener på dugnad i helga, oppmodar Marie Bruarøy og Laila Reiertsen (foto: Andris Hamre)
Tysdag rydda ordførarane saman med Midtsiden Haugsnesfjero (foto: ordførar Marie Bruarøy)
Også desse båtane vil ordførarkollegaene få fjerna, om ikkje eigar gjer det sjølv innan kort tid (foto: Andris Hamre)

No blir det dugnad i heile den 218 kilometer lange Os-skjergarden, slik som hytteeigar Åse Nilssen ønska seg i Midtsiden tidlegare i dag.

– Her lokalt har ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap), utfordra både seg sjølv og nabokommunane til å gjera ein innsats rundt Bjørnafjorden. Sjølvsagt tek vi den utfordringa og ansvaret, seier ordførar i Os, Marie Bruarøy (H) om ryddedugnaden som i helga blir gjennomført i Os, Fusa og Samnanger. Til arbeidet har Hordaland Fylkeskommune nettopp løyvd 750 000 kroner til ein ryddeaksjon i fylket.

Plasserer ut 5 konteinarar

Bruarøy var måndag i kontakt med BIR og blei samde om ein dugnad førstkommande helg.

– BIR plasserer fredag ut fem konteinarar kor folk kan kasta bosset dei plukker gjennom helga. Desse blir plassert på parkeringsplassen i Ervikane, Buena kai, Osøyro ved Essoen, Halhjem kai og på Bruarøya ved snuplassen.

– Ved konteinarane vil det bli satt ut bossposar og hanskar. I tillegg kan ein henta bossposer oppe hjå BIR i Kolskogen, noko vi registrerer at eindel allereie har gjort, men no oppmodar vi resten av bygda til å bli med på dugnaden, seier Bruarøy.

Gå saman i nabolaget

Dugnaden vil ikkje bli organisert med felles frammøtestad eller tidspunkt.

– I og med at konteinarane blir ståande helga har vi vald å ikkje gjera det. Ein kan ta ein økt når det måtte passa. Eg vil jo oppmoda naboar om å gå saman og gjera det til ein sosial happening i tillegg. Går ein saman i ein manngard gjennom eit område, så er det mykje ein rekk over på kort tid. Det gjer ingenting om ein tek ei økt eller i naturen heller, seier dei to.

Ta båten ut på holmar og skjer

Tysdag formiddag tok dei to i ordførarkollegiet med seg bossekken saman med Midtsiden til Haugsnesfjero for ein liten tjuvstart på aksjonen.

– Her var det jo eigentleg ganske bra, men her ser vi noko av det som typisk flyt i land. Taustumpar og isopor. Dette er boss som har veldig lang nedbrytingstid og som nok kjem frå dei som driv næring i og ved fjorden. Eg håper næringa sjølv også vil ta eit litt større ansvar, seier Bruarøy som håper også båtfolket blir med på duganden.

– Ta med familien på båttur og rydd ein holme eller eit skjer, oppmodar ordføraren.

Bossekk-stativ i fjero?

I fjero får dei to eit godt tips frå ein forbipasserande hyttenabo.

– Eg ser de ryddar bosset. Det er veldig bra. Eg har eit naust her borte som eg brukar om sommaren og då ryddar vi rundt her, men de bør gjera slik som dei gjer i Moss. Der er det plassert ut stativ med bossekkar som folk kan forskyna seg med for å rydda. På stativet står det eit nummer folk kan ringa, så kjem kommunen òg hentar bosset etterpå. Det burde de få til her òg, seier den utflytta osingen som får umiddelbar respons.

– Det er ein så god idé at den tek vi med oss inn på rådhuset og ser om vi kan få til saman med BIR og BOF, kommenterer ordføraren og varaordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.