Lokal | 25. feb. 2021

Inviterer til dukkert for klima

Bjørnafjorden SV går i sjøen før klimaplan skal opp i dagens møte i kommunestyret.

Inviterer til dukkert for klima
Før KLEM-planen skal opp i dagens kommunestyremøte, deltar Hege i nasjonal badekampanje. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2021 07:55

Lesarinnlegg/pressemelding:

Bjørnafjorden SV inviterer til isbading mot klimaendringer i dag,

Aksjonen «Isbading mot klimaendringer» er ein del av ein nasjonal aksjonsdugnad etter initiativ frå Lars Haltbrekken for å setja fokus på klimaendringar.

Seinare i dag skal kommunestyret handsame planprogram for «KLEM» (Klima-, energi- og miljøplan) på ekstraordinært kommunestyremøte.

Møtet i dag er ekstraordinært, ei forlenging av møtet tordsag for ei veke sidan, der dei ikkje rakk gjennom alle sakene.

Det hastar å få til utsleppskutt. Vi veit det er mogleg så lenge vi tek klimakrisa på alvor. Vi håpar at vi med dette kan få sett fokus på klima før stortingsvalet i haust.

– Klimakrisa er vår tids største trugsmål og vi må handle no. SV ønsker å kutte utslepp med minst 60 %. Vi veit at det er mogleg, men det krev handlekraftige politikarar som tek klimakrisa på alvor. Vi har eit ansvar for å sikre våre etterkomarar eit leveleg klima og ein klode det er mogleg å leve på. Vi må handle no!, seier leiar i Bjørnafjorden SV Hege Bjørnør.

SV-medlemmar over heile landet badar i dag for å få søkelys på kampen mot klimaendringene og for visjonen om å verte eit nullutsleppssamfunn.

I Bjørnafjorden skjer badinga ved Oseana klokka 13, og Hege Bjørnør er ei av dei som skal bade mot klimaendringer.

Klokka 16 startar kommunestyremøtet der planprogram for KLEM – Klima, energi og miljøplan for Bjørnafjorden kommune i perioden 2021-2033 står på programmet. SV vonar at kommunestyret vil vise handlekraft og vedta dette og seinare vedta planen.

– Sjølv om klimakrisa er ei global krise er det viktig å fokusere på den og sjå kva ein kan gjere nasjonalt, regionalt og lokalt. I dag skal vi vedta planprogram for klima-, energi-, og miljøplan for Bjørnafjorden kommune i kommunestyret, seier Bjørnafjorden SVs kommunestyrerepresentant Asle Olsen.

– Dette er ein viktig plan som vil hjelpe kommunen med å få ned utsleppa. Det viktigaste no er å sørge for at planen inneheld ambisiøse mål om kutt i klimagassar. I budsjett for 2021 vert det vedteke at Bjørnafjorden skal ha ein klimavisjon om å bli eit nullutsleppssamfunn innan 2030. Denne visjonen må óg vere med i KLEM-planen.

Sånn såg det ut der Hege skal bada for 11 dagar sidan. No er isen vekke og det er 7 plussgradar i lufta. (Foto: KVB)
Sånn såg det ut der Hege skal bada for 11 dagar sidan. No er isen vekke og det er 7 plussgradar i lufta. (Foto: KVB)

Bjørnafjorden er isfri, men vi håpar han er kald nok til å setje fokus på tidenes viktigaste politiske sak. Etter badinga vil dei frammøtte få bollar og noko varmt å drikke.

– Dette er ein litt morosam måte å få klimakrisa på dagsorden òg lokalt. For å få til drastiske globale klimakutt krevst det òg lokal handling. Eg kan ikkje akkurat seie at eg gler meg til dette, men eit par minutt med liding for meg er eit lite offer når ein tenkjer på konsekvensane klimaendringene vil ha for dei som kjem etter oss om vi ikkje gjer noko no, seier Hege Bjørnør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.