Lokal | 27. nov. 2017

Inviterer til gratis bading

Osbadet ønskjer at fleire pensjonistar skal få glede av badet.

Inviterer til gratis bading
Leiar i pensjonistforeninga, Knut M. Prestvold gler seg over at dagleg leiar i Osbadet, Torbjørg Brattabø, inviterer pensjonistar til bading i desember (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 27. nov. 2017 09:56

Dei tre første tysdagane i desember kan pensjonistar få badet gratis i Osbadet mellom 0830 og 1200. I tillegg varter badet om med kaffi og vaflar i hyggeleg lag.

– Bakgrunnen for at vi gjer det er at vi ser at vi har forholdsvis få pensjonistar som nyttar badet. Det var under ein studietur til København vi fekk denne ideen. Der har dei eit tilsvarande tilbod og det var veldig mange som nytta seg av det, fortel Torbjørg Brattabø, dagleg leiar i Osbadet.

Mjuke kroppar

Brattabø fortel at dei som ei forsøksordning inviterer pensjonistar i bygda til gratis bading dei tre første tysdagane i desember.

– Vi har synsa litt omkring kvifor vi har såpass få pensjonistar som nyttar oss. Kanskje kan det vera at dei trur dei må svømma om dei kjem opp her, men det treng dei så absolutt ikkje. Terapibassenget vårt held opp mot 34 grader og er ikkje djupare enn 160 centimeter på det djupaste, så der kan ein gjerne komma og berre bevega seg litt rundt og på den måten få mjukna opp muskelatur og kropp.

– Vi har hatt fleire tilfeller kor folk har fått beskjed om å ta ein tur i bassenget før dei skal få fysikalsk behandling, nettopp for å få betre effekt av behandlinga.

– Tysdagar har vi vald fordi ein då får vera litt meir i ro. Det er nemleg ikkje andre grupper eller skulebading som er booka inn på den tida.

Den daglege leiaren fortel at dei også har hjelpemiddel for å komma seg frå garderoben og ut i bassenget, og flytepinnar ein kan nytta i vatnet om ein føler seg utrygg.

Sosial gevinst

I tilegg til sjølve badinga lokkar ho med kaffi og vaflar etterpå.

– Den sosiale biten av det er kanskje like viktig, som badinga. Då kan ein få seg ein kaffi og ein vaffel og sitta og hygga seg saman med andre.

Glimrande tilbod

Leiar i Os pensjonistforening Knut M. Prestvold gler seg over tilbodet.

– Dette er eit glimrande tilbod, som eg skal gjera mitt for å anbefale i pensjonistforeninga. Eg håper oppslutninga blir god, både blant våre medlemmar, men også blant andre pensjonistar i bygda.

– Ikkje minst er den sosiale biten veldig viktig. Det merka eg sjølv då kona gjekk bort. Eg murte meg nesten inne i starten, men innsåg heldigvis at eg måtte komma meg ut og treffe andre. Det er mange einslege pensjonistar og vi treng å ha folk å snakka med. Det å først få mjuka opp kroppen før ein tek ein kaffi og ein vaffel er ein strålande idé.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.