Lokal | 20. juni 2012

Inviterer til kulturfrukost

Kommunestyret vil betra kommunikasjonen med kulturlivet. Til hausten vil dei by på kulturfrukost.

Inviterer til kulturfrukost
Ingrid Netland (Sp) er nøgd med at ordføraren tek på seg å invitera kulturlivet til frukost (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. juni 2012 09:10

Då kommunestyret handsama årsmeldinga for Oseana KF på førre kommunestyremøte kom det fram at dialogen mellom kulturaktørane i bygda kanskje ikkje hadde vore på topp.

- Eg sat igjen med ei kjensle av at det handla mykje om manglande kommunikasjon mellom dei forskjellege aktørane i kulturlivet, fortel Ingrid Netland (Sp).

Ba ordføraren invitera

Difor tok ho i møtet tysdag initiativ til at ordføraren på vegne av kommunen skal invitera Oseana, leigetakarar, det frivillige kulturlivet og profesjonelle aktørar i bygda til ein kulturfrukost etter modell av næringslivsfrukosten kommunen har arrangert i fleire år.

- Eg fremjar difor eit forslag til vedtak om at ordføraren skal ta eit slik initiativ, sa Netland frå talarstolen.

- Du skal sleppa å fremma eit vedtak til votering, for denne ballen tek eg, repliserte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Invitasjonen vil koma rett over sommarferien der aktørane vil bli invitert til ein uformell frukost, men med eit fagleg innhald.

- Vi er i ein prosess med møteplassar for dei faste leigetakarane i Oseana. Ein møteplass kor heile kulturlivet treffast og drøfta vilkåra for kulturlivet trur eg kan bli bra, avslutta Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.