Fritid | 09. juni 2021

Inviterer til opningsfest for BUA

Har plass til 200 som vil sjå nærmare på utvalet av utstyr som kan lånast.

Inviterer til opningsfest for BUA
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2021 13:39

Tysdag i neste veke, 15. juni, opnar BUA Bjørnafjorden. Kommunen inviterer til opningsfest, og har plass til 200 utanfor lokalet i Holtbrekka (i kroken mellom biblioteket og Rørleggeriet).

– Ordførar Trine Lindborg stiller som entusiastisk snorklippar og gudmor for sentralen. Det vert innslag frå 6. klasse ved Os barneskule, fortel prosjektleiar Eivind Bru og Tove Hille frå Frivilligsentralen i ei pressemelding i dag.

Låna torsdag, levera tysdag?

Publikum blir oppfordra å ta på seg smidige klede, så dei kan testa noko av utstyret.

BUA, der du kan låna (heilt gratis) utstyr til sport og friluftsliv, skal ha ope kvar tysdag og torsdag frå 17 til 19.

Det ligg med andre ord til rette for å låna gjennom langhelga, men også midt i veka.

Det kjem også utlånspunkt i Eikelandsosen ved biblioteksfilialen i Kommunetunet på Leiro.

– I første omgang blir det utlån med personleg oppmøte i sentralen på Osøyro. Du kan på sikt reservera utstyr på nett og få det utlevert enten i Eikelandsosen eller på Osøyro.

Frå fiskestang til wakeboard

BUA Bjørnafjorden er eit tilbod i Os frivilligsentral og Kultureininga, og er blitt ein realitet med tilskot og finansiering frå Bjørnefjorden kommune, Bufdir, BUA.io og Sparebankstiftelsen SR-bank.

F.v.: Elin Tuft, Eivind Bru og, i hengekøye mens ho dreg Bua i land, ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFekk 600.000 kroner til Bua som opnar i juni

Alt utstyr i BUA er nytt.

Her er noko av det som er i utvalet:

  • Hagespel (krokket med meir)
  • Slakkline
  • Skateboard
  • Wakeboard
  • SUP-brett
  • Telt og stormkjøkken
  • Fiskeutstyr

BUA Bjørnafjorden har eiga heimeside, bua.io/utlansordninger/bua-bjornafjorden.

Der kan du også laga deg ein profil som ligg klar for seinare låning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.