Denis saman med dottera Mia og kona Vlatka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Inviterte halve Lysekloster i bryllaup i Kroatia

Denis er stolt over gamle kameratar sitt ferske VM-sølv og takksam for at han no er gift med Vlatka.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ni gjestar frå Lysekloster, både spelarar og leiarar i klubben, deltok då Denis Ljubovic gifta seg med Vlatka i heimbyen deira, Rijeka, nord i Kroatia laurdag 30. juni.

– Eg har vore i klubben i 2,5 år, og mange av desse i klubben har blitt nære venar. Vi er veldig glade for at dei ville koma, og for at dei fekk bli betre kjent med venane våre og familiane våre der heime, seier Denis.

– Det var kjempekjekt å bli invitert og fantastisk å få delta på ein annleis og veldig livleg bryllaupsfest, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Meir om bryllaupet om litt - gjestelista var med fotballfaglege auge òg ganske spennande.

Opptatt med VM i Russland

Liverpool-spelar Dejan Lovren sto på gjestelista, men var opptatt med fotball-VM i Russland.

– Eg hadde kontakt med han og fleire av dei andre gjennom meisterskapen, og er veldig stolt over kva dei fekk til, seier Denis om Kroatia sitt historiske VM-sølv.

Landslagstrenar Zlatko Dalić var mannen som tok den gong 18 år gamle Denis opp på øvste nivå, det som blei starten på profflivet til Lysekloster-spelaren.

– «Eg bryr meg ikkje om kor gamal du er, du skal spela neste kamp», sa han. Også i intervju då han gjekk til ny klubb nemnde han meg som ein ung spelar som kunne nå toppen. Vi har halde kontakt sidan, og chatta litt før meisterskapen starta.

Frå europeisk proffliv til norsk 2. divisjon

Denis kjenner mesteparten av landslaget frå før, og har spelt med eller mot dei fleste VM-finalistane frå heimlandet, anten på ungdomslandlaga, U16, U17, U19 og U21, eller som motstandarar på øvste nivå i Kroatia.

– Når eg ser suksessen til dei tidlegare lagkameratane mine, og til landslaget, så lurer eg naturlegvis òg på vala eg sjølv har tatt, på kvar eg hadde vore no om eg blei verande i profflivet i Kroatia og nabolanda.

Denis sin forlovar i bryllaupet var Diego Živulić, som speler for FC Viktoria Plzeň på øvste nivå i Tjekkia. Sjølv kom Ljubivoc frå øvste nivå i Slovenia då Fyllingsdalen i 2014 tok kontakt.

Frå 2016 til i dag har han spelt 62 kampar for Lysekloster.

Fann kjærleiken i moderlandet

Det gjekk månadar før Ljubovic opna meldinga frå Fyllingsdalen, men då han var lei av å venta på svar frå ein potensiell ny klubb i Aserbajdsjan gav han den norske klubben ein sjanse. Etter 52 kampar på to år gjekk han vidare til Lysekloster.

– Eg saknar klimaet i Kroatia og venar og familie heime, men dette er meir stabilt, og ein god stad å oppdra ungar.

Frå før har han ein son på 7 år som går på Lysekloster barneskule. I 2016 forelska han seg i ei venninne frå ungdomstida, ei jente han har halde kontakt med mens han har spelt i Noreg.

– Vi forlova oss i desember og eg flytta til Noreg i januar 2017.

Paret fekk dottera Mia på veslejulaftan året etter.

Ikkje som eit norsk bryllaup

Med rundt 80 gjestar var det eit litt lite selskap i kroatisk målestokk, men stort nok til at det blei ein livleg fest.

– Det var utruleg for ei stemning det var, heilt annleis enn her heime, og nesten utan alle talane vi er vant med. Det var godt å sleppa, synest Kollen.

Festen starta nemleg med mat, drikke, livemusikk, synging og dansing frå klokka 13.30. Bruda og brudgomen sine inviterte hadde kvart sine «vorspiel» heime, som varte fram til seremonien i kyrkja (romersk-katolsk) klokka 17. Så blei gjestane sendt i buss til eit staseleg selskapslokale på den vakre Istria-halvøya.

– Det var ikkje snakk om å gå rett å setja seg, for å bli sitjande i timesvis. Vi fekk mat ved ankomst, og til saman 4-5 rettar, men innomellom kvar rett var det fest, dansing og mykje synging.

– Alle kunne teksten på alle songane, og ofte var det dansing i ring, noko til og med Bjørnar Engelsen var med på. Hovudretten blei ikkje servert før klokka 1.30 om natta og festen varte til minst klokka 4, fortel Svein.

– Blir her så lenge eg har verdi for klubben

Under VM hadde internasjonal presse ein del fokus på korleis borgarkrigen i Jugoslavia påverka oppveksta til fleire av spelarane på Kroatia sitt landslag, og spekulerte i at dette kan ha gjeve spelarane ein styrke dei tar med seg på banen.

– Vi merkte lite til krigen i den delen av Rijeka som eg vaks opp i, men eg hugsar alle gongane vi måtte i kjellaren fordi flyalarmen gjekk, seier Denis.

Vlatka fekk fleire tøffe opplevingar, og var med familien på flukt. Men alle kom seg heilskinna gjennom dei dramatiske åra.

– Eg er glad for at eg var berre fire år, og ikkje fekk med meg alt som skjedde. Men eg har framleis nokre skremmande minne av soldatar og bombing.

Lysekloster mister to spelarar i sommar, signerer 3 til 6 nye

Sjølv om Vlatka og Denis no liker å vera heime i det som no blir rekna som ferieparadis, og saknar både klimaet og familien, trivst dei veldig godt i Noreg.

– Lysefjorden er ein fin stad å bu, jobba og trena, synest Denis.

Ved sidan av å spela midtstoppar jobbar han for klubben, blant anna som trenar for akademiet og for gutar 16.

– Eg blir her så lenge Lysekloster kan bruka meg, så lenge eg har verdi for klubben, seier Denis om framtidsplanane.

Fleire saker