Dei fleste av dei 29 ungane hoppa i sjøen 2. april, også nokre av 21 vaksne var uti Nesvågen i går. (Foto: Turboklubben/Barnas Turlag Os)

Inviterte til bading - 50 møtte opp!

– Regnet ausa ned då vi gjekk heimefrå. Men så letta det, og vi fekk nydeleg stemning i fjøra.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I starten på 2015 etablerte Barnas Turlag Os eigen Turboklubb i Lysefjorden, eit tilbod for barn i alderen 5 til 10 år.

Klubben tel over 40 medlemmar, delt i to grupper etter alder, som samlast annakvar tysdag for å nyta lokalt friluftsliv.

Tysdag 2. april sto bading i sjøen (!) på programmet.

– Vi trudde ikkje at det skulle koma så mange, spesielt sidan regner ausa ned på ettermiddagen. Men då vi kom fram til Nesvågen så letta det, og heile 29 ungar og 21 vaksne møtte fram, fortel André Marton Pedersen.

Han er ein av seks aktivitetsleiarar i den spreke klubben.

Konklusjon: Ungane er tøffast

Til og med André Marton, som sjølv jobbar som informasjonsleiar i Bergen og Hordaland Turlag, kjente på dørstokkmila i det han og ungane skulle legga i veg.

– «Skal vi verkeleg på badetur i dag?» tenkte eg. Men så blei det veldig bra.

Dei fleste ungane bada, nokre bada fleire gongar og enkelte hadde til og med hovudet under vatn, sjølv om det var kaldt.

– Heldigvis hadde dei varme klede og lue med seg. Nokre få vaksne, som oss turleiarane, som kjente på presset, var òg uti.

– Så tente vi fleire bål og tok kveldsmatet i fjøra. Heine Salbu og Marita Hjelle stilte dessutan med gitar, og då har du det meste du treng for å få god stemning.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bad, bål og gitar med Turboklubben 2. april 2019 from Midtsiden on Vimeo.

Bygger Gapahuk ved Langavatnet

Tidlegare i vinter har Turboklubben blant anna hatt hyttetur til Bergsdalen, arrangert «mesternes mester» med bålkonkurranse og lært om bruk av primus. Seinare skal 5- til 10-åringane ha ein dag i Oselvarverkstaden og ein telttur.

Men stort sett handlar det om lågterskeltilbod i nærområdet.

– Vi har kjøpt oss to kanoar, og vi har fått midlar til å bygga gapahuk i nordenden av Langavatnet. Jobben blir utført av elevar ved Os vgs, og om alt går etter planen står denne klar til hausten, seier Pedersen.

Fleire saker