Irisgården er selt
Torsdag blei Irisgården AS selt. Prisantydning var på 65 millionar kroner.
Direktør Rossy Addington, i DNB Næringsmegling Bergen, som har stått for salet, stadfestar at Irisgården er selt.
Salet skjer ved at 100 % av aksjane i Irisgården AS byter eigar.
– Eg kan stadfesta at alle aksjane no er selt, seier Addington til Midtsiden.
– Kan du seia noko om salssum eller andre detaljar?
– Det kan eg, men eg vil ikkje. Alle desse forholda er ifølgje avtalen undratt offentlegheiten.
Ifølgje prospektet som ligg ute på Finn.no har eigedomen ei prisantydning på 65 millionar kroner.
Totalt areal for næringsseksjonen er på 6 792 kvadratmeter, kor dei største leigetakarane er Jysk AS, Vinmonopolet AS, Hordaland Politidistrikt og Energi og Trening AS.
Førebels ukjent kjøpar
På spørsmål om han kan seie kven som er kjøparane svarar Addington.
– Det kan eg ikkje seia noko om. Kjøparane kjem til å eksponera seg sjølv når dei finn det rett.
Han fortel vidare at dei brukte normalt med tid på salet.
– Det å bruka eit par månader på ein såvidt stor eigedom er helt normalt, avsluttar Addington.
Selgarane, som eigde Irisgården AS, var Ng Eiendom Vest AS (50,67%), Anders Meyer Lekven (24%), Vibeke Lekven (21%), Harald Nøss (3,33%) og Pondus Holding AS (1%) i følgje purehelp.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.