Lokal | 12. juli 2012

Irish Cat er nattklubb igjen

-Søknad er levert og vi har fått løyvet tilbake, fortel Espen Risti.

Irish Cat er nattklubb igjen
Espen Risti kan spretta champagnen igjen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juli 2012 18:51

Saka om ombygginga av Brugata 1 frå restaurant og pub til nattklubb i 2010 endte, etter klagar frå nabo Oshjørnet AS, med at Os kommune kom med krav om byggesøknad.

Søknaden kom ikkje innan frist 30. mai og skjenkeløyvet blei redusert frå nattklubb til pub, altså frå klokka 3 til 2 natt til laurdagar og søndagar, med verknad frå 1. juli.

I etterkant kom varsel om krav om stenging grunna bruk av lokale som ikkje er godkjent for bruk.

Tøffe krav

- Førre helg var første utan skjenking til 3 og den helga var, med god magrin, den svakaste vi har hatt sidan opninga i desember 2010, fortel Espen Risti.

- Hadde dette heldt fram ville vi vore meir eller mindre konkurs i løpet av ein månad, legg han til.

At det var rockefestival på Søfteland skal ikkje ha hatt så mykje å seia.

- Om vi hadde hatt ope til 3 ville fleire ha kome frå festivalen til nattklubben. Rock N LOL-helga i fjor var ikkje så galen.

Fekk løyvet tilbake

Men tida utan nattklubbløve blei kort for Irish Cat.

- Måndag blei komplett søknad levert, i dag fekk vi nattklubløyvet tilbake. Det betyr at vi kan skjenka til 3 allereie frå i morgon av, seier Risti.

Irish Cat har fått midlertidig nattklubbløyve fram til saka skal opp i plan- og bygningsutvalet i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.