Irish Cat godkjend
Plan og bygningsutvalet avviste samøystes klage frå BERAS og advokatfirmaet Stiegler. No er det fylkesmannen som avgjer.
Plan og bygningsutvalet (PBU) behandla torsdag klage på vedtaket dei fatta 6. september om å gje Irish Cat bruksendring frå restaurant/selskapslokale/pub/kafe til nattklubb.
Eit samrøystes utval opprettheld vedtaket.
Før behandlinga var utvalet på synfaring på utestaden og fekk orientering om kva tiltak eigarane hadde gjort for å dempa støy ut mot nabobygga.
- Det som trygga meg der borte var at det var gjort ein del tiltak.
- Det å gå til bruksendring og løyve til nattklubb går på bekostning av det gjeldande regelverket som er nedfelt i politivedtektene.
– Når eit slik vedtak blir godtatt, så set vi samstundes dei gjeldande vedtektene til side fordi vi har eit lovleg etablissement og ønskjer aktivitet på kveld, natterstid og i helg i ein tettstad, forklarte Øystein Nordvik (TvS) då han skulle grunngje kvifor han stemde annleis enn det partikollega Terje Sperrevik gjorde sist saka blei behandla.
- Så lenge tilsynsmynde som brannvesenet har gjort jobben sin, så kan eg støtta ei slik innstilling.
- Det er ikkje berre av det gode som følgjer med, men forhåpentlegvis blir det bra, avslutta Nordvik.
Saka går no til fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.