Kultur | 13. feb. 2013

Irish Cat har fått nye eigarar

Frode Hølleland og Espen Risti har selt seg ut av nattklubben Irish Cat AS.

Irish Cat har fått nye eigarar
Frode Hølleland (t.v.) og Espen Risti før byggestart på irish Cat sommaren 2010. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2013 14:24

Nattklubben Irish Cat, som blei opna i Os sentrum i desember 2010, har fått nye eigarar.

Irish Cat AS var eigd av Frode Hølleland sitt selskap Bodega Drift AS og Espen Risti sitt selskap, Risti Holding AS.

Hølleland eigde 50 prosent, Risti 40 prosent. Den siste eigaren, Bjarte Andersen, eigde 10 prosent.

Andersen overtar som hovudaksjonær

Torsdag i førre veke fekk Midtsiden tips om eigarbyte, men vi fekk ikkje stadfesta dette før måndag.

– Det stemmer at vi har selt aksjane våre, det skjedde onsdag i førre veke, seier Risti på vegne av seg sjølv og Hølleland.

Ny hovudaksjonær er Bjarte Andersen, som no har 70 prosent av aksjane. Med seg på eigarsida har han Thomas Hodne med 20 prosent og ein tredje eigar med 10 prosent.

– Kjøper ein god business

Espen Risti fortel at han og Hølleland brukte rett over 2,8 millionar kroner på å bygga Irish Cat, og at drifta har gått bra.

– Det står berre 800.000 igjen i gjeld, Andersen kjøper ein god business til ein billig penge.

Irish Cat omsette for over 5,4 millionar kroner i sitt heile første driftsår, 2011, og gjekk om lag i null (-10.000 kroner).

– Kvifor ville de selja?

– Vi har fleire utestadar i Bergen og opnar ein ny til påske. Det er betre at Andersen, som har jobba på Irish Cat sidan start og er der i det daglege, overtar.

– I tillegg er vi litt matt av alle rundane med nabo Oshjørnet og Terje Haugan, som lettar på kvar stein for å bli kvitt oss. Vi fekk grønt lys då vi bygde og har brukt mykje pengar på å bygga ein god nattklubb. No er vi tom for krefter og tid vi vil bruka på å fighta mot naboane, vi får håpa for Andersen sin del at alt no er i orden.

Ny eigar med tru på framtida

Bjarte Andersen seier han har vore interessert i å kjøpa seg opp i Irish Cat ei stund, og at han tok avgjerda då Fylkesmannen førre tysdag avviste klagen frå naboane.

– Vi fekk dispensasjon til å driva fram til Fylkesmannen sitt vedtak, utan å investera i tiltak for å tilfredsstilla krava som var sett med frist til 1. desember, seier Andersen.

– Det skal gå greit å få alle dei tre punkta i orden når vi no veit at bruksendringa er akseptert.

Bjarte Andersen har jobba ved Irish Cat sidan start og overtok i haust som barsjef.

– Det skal bli godt å kunna ta avgjerder, små og store, åleine, og eg har tru på vidare god nattklubbdrift i Os sentrum, seier han.

– Eg har med meg to andre, blant dei Thomas Hodne, som eg gjekk på kokkeskulen med i si tid. Dei to blir med på idémøte og i kulissane, men kjem ikkje til å vera det ein kallar aktive eigarar, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.