Sport | 30. mars 2019

Isak Røen suveren toppskårar i regionen

– No gler vi oss til galla, seier Isak etter 144 mål på 18 kampar.

Isak Røen suveren toppskårar i regionen
Isak Røen har skåra 144 mål denne sesongen, mest av alle i 3. divisjon i region vest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. mars 2019 13:43

I dag blir årets 3. divisjon for både damer og herrar avslutta med kamp etter kamp i Sotra Arena.

Os kunne i teorien klatra til 3. plass før dagens serieavslutting, men tapte 23-29 for Sotra 2 og blei ståande på 5. plass etter 8 sigrar, 4 uavgjorte og 6 tap.

– Det er heilt greit. Vi hadde lite å spela for i dag, mens Sotra 2 kjempa om å unngå kvalifiseringsplass. Vi hang med i ti minutt, men eg trur vi var meir fokusert på gallaen i kveld enn på å klatra ein plass eller to på tabellen, seier Isak og ler.

Med 6 mål i dagens kamp blei han ikkje berre Os sin toppskårar, han sikra seg toppskårartittelen med 20 mål bak til BI-spelar Nicholas Fosse Andreassen.

Isak har skåra 144 mål på 18 kampar, eit snitt på 8 per kamp, 25 av dei frå 7 meter.

– Eg har vore langt oppe på lista før, og var på 3. plass i fjor, men det er første gong eg blir toppskårar i regionen.

Frå Os er spelande trenar Aleander Heggø på 9. plass med 91 mål, Jørgen Wold er på 14. plass med 81 nettkjenningar.

Speleglede gav suksess

I fjor tok Os berre 4 poeng, og hadde i utgangspunktet rykt ned til 4. divisjon. Det blei likevel plass til Os, som i haust starta sesongen med berre eitt tap på dei første fem kampane.

– Vi har jo vore lite og ingen trening på oss, men laget består av ei stamme som har spelt saman i 6-7 sesongar. Og så har vi halde oss skadefrie.

– Men eg trur det viktigaste har vore humøret, det har vore veldig god stemning i laget i år, men samtidig god moral i kamp og stor speleglede.

– Fordi alle har vore utkvilte etter ei treningsfri veke?

– Ha, ha! Ja, det kan godt hende. Vi burde trent litt meir, men vi har mange vaksne spelarar som er opptatt med ulike ting.

– Kva tenkjer du om sesongane som kjem?

– Vi har ikkje byrja å snakka så mykje om det enno. Det er jo litt tilfeldig kven av dei vaksne som kan vera med frå sesong til sesong. Men så kjekt som vi har det no, så bør det vera sjanse for at vi har ein fin gjeng i drift frå hausten av. Eg tenkjer det hadde vore bra å halda seniorlaget i sving i minst to år til, då kjem det opp ein fin gjeng frå gutar 14, seier Røen.

Gneist vann serien og rykker opp.

• Sjå tabell, resultat og toppskårarliste på handball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.