Næringsliv | 23. sep. 2017

iSushi gir seg på Os

Roger Johannessen har varsla dei tilsette om at iSushi, mest sannsynleg, avviklar drifta på Os 1. november.

iSushi gir seg på Os
iSushi avviklar drifta på Os 1. november (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrelørdag 23. sep. 2017 09:19

iSushi opna i dei gamle lokala til Nordea i april 2016.

Etter ein god start har ikkje interessa vore så god som eigar Roger Johannessen hadde håpa på.

– Salet og resultata har ikkje vore kva vi håpa på, og vi ser at kampen for å koma i mål ikkje har noko sikker utsikt. Vi vel difor å gje oss og konsentrera oss om utvikling og vidare vekst av kjeden på anna hold, skriv Johannessen i ei pressemelding laurdag.

Trist og tungt

Han har allereie varsla dei tilsette på Os at, om ikkje noko ekstraordinært positivt med salet skjer i løpet av oktober, blir dørene bli stengde 1. november.

– Det er trist og veldig tungt for oss at marknaden på Os ikkje responderte som vi hadde venta. Det finst sikkert fleire grunner til at vi ikkje fekk dette til på Os, men det får vi no berre ta til etterretning.

– Læringa i prosjektet har vore høg og erfaringane vi har gjort oss skal vi bruka til å styrka oss som kjede og aktør i den norske serveringsmarknaden.

• Les òg: iSushi-eigar satsar på diner i Bergen (juli 2017)

– Trass avvikling på Os ser vi at vi har eit godt konsept som har suksess elles i marknaden. VI ønskjer å spela videre på dette for utvikling og vekst for framtida.

– Vi ønskjer kundane våre på Os velkomne til å bruka oss den siste tida av driftperioden vår på Os, avsluttar Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.