Sport | 16. mars 2010

- Ja, det blir bigjump!

10 dagar med mildvêr stoppar ikkje Håkon Holen og Arne Veim Haugland sine planar.

- Ja, det blir bigjump!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. mars 2010 20:33

Bildeserie:

1 av 2

I starten av mars fortalte dei to snowboardentusiastane frå Os om planar om å laga bigjumpkonkurranse i Os. Sidan har det regna og mykje snø har smelta, men planane er framleis dei same.

- Vi har rikeleg med snø. Det skal regna litt før helga, men det er bra meldingar for laurdag, seier Håkon.

Fleire påmeldte
Vêret den siste tida har fått fleire osingar til å ta kontakt med arrangørane for å høyra om det blir noko av Os Snow Challange.

- Til no har vi 10 påmeldte, men det kjem nok ein god del fleire, trur arrangøren.

Fredag morgon byrjar dei å bygga hopp.

- Det er nokon som har bygd eit hopp i bakken frå før, men det er ikkje oss! Vårt blir mykje større, forsikrar han.

Afterski og premiar
Konkurransen, som er gratis å delta i, finn stad laurdag. Giveaways, premiar, musikk i bakken og sjølvsagt - afterski, høyrer med.

- Vi har fått sponsa flotte premiar, jakkar og gensarar frå Daniel Franck, fleecegensarar frå MX Sport og middag for to på Peppes. Sistnevnte er premie for beste tryning, seier Håkon og ler.

Afterskien blir på bar2Be, med snømaskin og passande musikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.