Lokal | 02. aug. 2016

Ja - det blir friluftsskule!

På eitt døgn gjekk talet på påmeldte opp frå 3 til 10. – Vi ønskjer å koma opp i minst 12, men fristen er fredag og vi gjennomfører uansett, seier Vidar Øvredal.

Ja - det blir friluftsskule!
Kajakkbyggar og friluftsmann Vidar Øvredal er blant instruktørane på Friluftsskolen Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. aug. 2016 14:19

Søndag kveld fortalte vi at det nye tilbodet frå Bergen og Omland Friluftsråd, Friluftsskolen, har kome til Os, men at den sto i fare for å bli kansellert grunna for få påmeldte.

Bodskapen spreidde seg raskt, mange delte saken i sosiale media og fleire kommenterte at dette var noko dei ikkje visste om frå før.

– Resultatet blei at vi no er ti påmeldte, i tillegg har vi nokre 6. klassingar, som er eitt år for unge, men som vi tar med om det blir plass, seier Vidar Øvredal.

Fristen går ut fredag, men uansett om det kjem fleire påmeldte eller ikkje så blir Friluftsskolen gjennomført.

Like mange gutar som jenter

Øvredal, som er ein av instruktørane og har hovudansvaret for gjennomføringa, gler seg over at det var mange nok som ville nytta tilbodet.

– Eg ser jo ut frå tilbakemeldingane på MOT-leiren vi hadde tidlegare i sommar at ungane har det kjekt.

– No ser det ut som om vêret skal letta litt òg, så då kan det vera godt for ungane med litt frisk luft og nokre maritime opplevingar før skulen startar igjen.

Til no er det om lag like mange jenter som gutar blant dei påmeldte.

– Dei yngste er 12 år, den eldste til no er 15. Eg trur vi får fire fine dagar i skjergarden siste veka av sommarferien, seier kajakk-byggaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.