Lokal | 17. feb. 2011

Ja, det kjem gangfelt

Men mykje arbeid står igjen før det kjem kvite striper på Sundøybrua.

Ja, det kjem gangfelt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. feb. 2011 14:51

I oktober 2009 blei det montert nytt fortau på Sundøybrua. Årsaka var at det skulle bli tryggare å kryssa vegen frå det ordinære fortauet på nordsida av brua og over til fortauet på Sundøy motsett side.

Men det nye fortauet blei ståande ubrukt, sperra av rekkverk, fram til Os kommune rett før skulestart 2010 opna opp og lagde opphøgd veg forbi fotgjengarpassasjen.

Men merking med kvite striper i vegen er vegvesenet sin jobb, og den blei ikkje gjort. Over skiltet for fotgjengarfelt heng det av og til ein plastpose, ein pose som bles eller blir riven vekk med jamne mellomrom.

Venta på teljing

Midtsiden.no har skrive om saka i fleire rundar (sjå under «relaterte saker» i høgre marg). Utover hausten har vi prøvd å koma i kontakt med rett person hos vegvesenet, men dei gongane vi har fått svar så har det blitt skifta kontaktperson.

Det einaste vi har fått veta er at dei i haust har tatt ei trafikkteljing for å sjå om det er grunnlag for å ha fotgjengarfelt på brua.

- Godt nok grunnlag

I dag fortel Tor Høyland frå Statens vegvesen om resultatet og vurderinga av trafikkteljinga.

- Det er litt få bilar, men mange nok fotgjengarar. Samla sett har vi vurdert det sånn at det er grunnlag for fotgjengarfelt her, seier han til Midtsiden.no.

Treng nytt rekkverk

Dei som bruker fotgjengarfeltet, eller har ungar som bruker det på veg til skulen, kan likevel venta litt med å jubla. For vegvesenet vil gjera nokre justeringar før dei lager kvite felt i vegen, og dei justeringane kan bli tidkrevjande.

- Sånn det er no så er det for dårleg sikt for dei yngste fotgjengarane, dei som kjem frå Sundøy og skal gå frå det nye fortauet over vegen og vidare over brua, forklarar Høyland.

Derfor må delar av eksisterande rekkverk på sørsida av brua, på begge sider av fotgjengar-«utgangen», erstattast med noko lågare.

- Vi vil bruka noko som blir kalla Svelvik-ellipse, ein støypekant som er låg, men godkjent som kjøresterkt rekkverk. Det vil seia at støypekanten er sterk nok til å hindra at bilar kjører av brua.

Prosessen krev planarbeid, høyring hos politiet, godkjenning - og ein periode med bygging.

- Eg kan ikkje seia kor tid dette kan vera ferdig, men eg håper at det går effektivt unna, seier Høyland, som innrømmer at det har tatt lang tid frå bygging av fortuet til merkinga, som framleis er uvisst kor tid vil skje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.