KODE-direktør Karin Hindsbo jubla saman med Terje Søviknes og Marie Bruarøy då kulturminister Linda Hofstad Helleland fortalde at regjeringa stiller med 15 mill til ny båt (foto: Andris Hamre)

Jaa, no blir det ny båt!

Jubelen kunne høyrast frå Buena til Lysøen då kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) fortalde at regjeringa gir 15 millionar til ny båt til Museet Lysøen.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Dei var spente direktør i KODE, Karin Hindsbo og direktør for komponisthjemmene til KODE, Sigurd Sandmo, då dei venta på ein litt forseinka kulturminister på kaien på Buena tysdag ettermiddag.

At ho skulle komma med ein budsjettlekkasje visste dei, men kva det var og kor stor den var visste dei ikkje.

– Vi er veldig spent på omfanget. Dei førebelse tala viser at ein ny båt vil kosta i størrelsesorden tjue millionar kroner. Kjem ho med èin million så er det kjempebra, kjem ho med fem millionar er det heilt fantastisk. Alt over det blir berre hurra, hurra, hurra, fortalde Hindsbo medan dei venta.

Eit viktig kulturminne

Og ho fekk grunn til å ropa hurra både tre og fire gonger, sjølv om ho blei mest mållaus, KODE-direktøren. Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) kunne nemleg avsløra at regjeringa ville gå inn med heile femten millionar kroner til ny båt til Museet Lysøen.

– Det er viktig for å ta vare på eit viktig kulturminne og ikkje minst formidlinga av kulturarven. Ole Bull sin villa på Lysøen er ein av verdas mest fotograferte komponistheimar, fortalde kulturministeren, som la til at det no var berre å setta i gang anbodsprosessen. 

– Regjeringa håper dette vil vera eit viktig bidrag til å realisera den nye båten, sa Hofstad Helleland.

Har skissa klar

Saman med DNV GL har KODE allereie fått teikna konseptskissene for den nye skyssbåten. No er dei eit stort steg vidare i prosessen.

– Då har vi ein ny båt, konstanterte Hindsbo etter å ha fått summa seg litt.

– Dette tyder at vi allereie kan realisera eit prosjekt vi har helde på med lenge. Saka tok ein viktig dreining i fjor då DNV GL teikna eit nytt prosjekt for oss. Det har dei faktisk bidrege med gratis, så her er det allereie eit døme på godt offentleg privat samarbeid.

Kan vera klar til 2018-sesongen

Sigurd Sandmo, som har vore prosjektleiar for prosjekt ny båt, fortel at han reknar med eitt års byggetid etter kontraktsinngåelse.

– Restfinansieringa skal vi klare uansett. Dette blir eit miljøfyrtårn, så det er midlar vi kan søka på. Med eitt års byggetid er det ikkje usannsynleg at den nye skyssbåten kan stå klar til 2018-sesongen.

Som direktøren var Sandmo overvelda over beskjeden frå kulturministeren.

– Ho sa 15 millionar. Det er heilt utruleg mykje meir enn vi hadde våga å håpe på. No betyr det at prosjektet uansett blir realisert, slår prosjektleiaren fast.

Kommunen tek landanlegget

Ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie Bruarøy (H) fekk òg med seg gladnyheiten frå Hofstad Helleland.

– På vegne av kommunen må eg berre få seie tusen takk. Lysøen er kjært og nært for osingane. Ole Bull har spelt ei stor rolle i kulturbygginga av Noreg. Det å få på plass ein erstattar for ein heller sliten skyssbåt blir veldig bra.

– Så blir det ein av våre viktigste oppgåver som vertskommune for Lysøen å få på plass kaifasilitane til ein ny og større båt. Men det reknar eg med det er poltitisk vilje til lokalt til å få til, kommenterte Søviknes.

Fleire saker