Lokal | 15. sep. 2016

Jada er tredobla på fire år

Trass kummerlege forhold veks Jadakameratene enormt. No etterlyser dei svar frå politikarane på kva dei tenkjer om banen i sentrum.

Jada er tredobla på fire år
Styreleiar Ole Andreas Pettersen og styremedlem Christoffer Kobbeltvedt gler seg over medlemsauka, men ønskjer svar frå politikarane på kva dei tenkjer om banen i sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. sep. 2016 06:59

Bildeserie:

Seks kampar og yrande liv på Jadabanen onsdag ettermiddag (foto: AH)
Seks kampar og yrande liv på Jadabanen onsdag ettermiddag (foto: AH)
1 av 1
Seks kampar og yrande liv på Jadabanen onsdag ettermiddag (foto: AH)

I løpet av dei fire siste åra har medlemstala i Jada vakse frå 50 til 150 aktive spelarar, alle i barneskulealder.

Dette trass i at det dei har å tilby er ei grusbane utan andre fasiliteter enn eit skur til å oppbevara ballar og treningsutstyr i.

– I haust har vi fått 26 nye spelarar frå førstetrinnet på Os barneskule. Det er Os og Hegglandsdalen som er dei to skulene vi soknar til, fortel Ole Andreas Pettersen, nyvald leiar i klubben saman med styremedlem Christoffer Kobbeltvedt.

– Kva vil politikarane i sentrum?

Pettersen fortel at dei har følgd dei politiske debattane om sentrumsplanen og dei andre reguleringsplanane i sentrumsområdet, men er i stuss kva politikarane vil med banen.

– Dei seier det kanskje kan koma parkeringsgarasje her og mogligens kunstgras oppå, men det er nok langt fram i tid. Og kor skal vi i såfall vera i mellomtida?

– Vi saknar klare signal og grep frå kommunen. Sjå berre rundt deg. I dag har vi seks kampar og eit yrande liv. Det er dette som er liv i sentrum, men det kan bli så mykje meir, også når vi ikkje har organisert aktivitet her som i dag.

Ønskjer lys og kunstgras

Dei to er tydeleg på at dei ønskjer seg kunstgras og lys rundt banen. Toalettfasiliteter hadde dei heller ikkje takka nei til.

– Hadde vi fått desse tinga på plass ville aktiviteten og livet i sentrum auka ytterlegare. Ikkje minst den uorganiserte aktiviteten. I dag er det ingen som reiser ned her for å sparke ball ein laurdag. Då går ein heller i ballbingen på skulen, reiser opp på Kuventræ eller finn på andre ting. Det er jo ikkje det vi ønskjer. Vi ønskjer eit anlegg i sentrum som blir bruk heile tida og som kan vera eit samlingspunkt for ungane og dei vaksne som bur i sentrumsområdet.

– Hadde vi i tillegg fått lys på plass, så kunne vi trent og bygd vidare på det enormt gode samholdet som er i klubben også om vinteren. Det er viktig å ha ein klubb i sentrum. Det betyr mykje for nærområdet og ikkje minst no når ein planlegg så mange nye bustader som ein gjer her nede, argumenterer dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.