Lokal | 28. mars 2012

Jakta på rask BMW

Politiet kontrollerte mobilbruk, utanlandske "gull"-seljarar og leitte etter ein BMW-eigar som kjørte fort på Søfteland i går.

Jakta på rask BMW
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. mars 2012 10:37

– Vi fann bilen, men ikkje føraren, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Tørr asfalt har drege med seg meldingar om stygg kjøring dei siste dagane, og tysdag kveld fekk politiet melding om ein gråoransje BMW som kom i høg fart forbi Søfteland.

Bilen var parkert på Søfteland og patruljen fekk ikkje tak i føraren.

4 x 1300 kroner

På formiddagen tysdag hadde politiet kontroll på E39 ved Storestraumen.

– 40 bilar blei kontrollerte, 4 av førarane blei tatt for uovleg bruk av mobil medan dei kjørte.

Kvar av dei må ut med 1300 kroner.

Stoppa bilar for å selja "gull"

Tysdag fekk politiet melding om utlendingar som stoppa bilar på Moberg.

– Dei ville selja noko dei sa var gull, fortel Sperrevik.

Utlendingane nekta for forholdet då patruljen rykte ut for å ta ein prat med dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.