midtsiden

Jaktar mål nr 20 og 100

Laurdag reiser Os-supportarar til Austevoll med buss, bil og båt, for å sjå to toppskårarar jakta på mål nr 20 og mål nr 100.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Over 60 osingar har meldt seg på den organiserte busstransporten til Os sin bortekamp mot Austevoll i morgon.

- Førebels har vi sett opp to bussar, seier Arve Solskjær frå Os Turn Fotball.

Supportarar reiser også med både bil og båt over til første av to rundar med strileoppgjer i kamp om plass i 2. divisjon i 2010.

Os sin toppskårar, Tim Henrik Sperrevik, er eitt mål frå å ha skåra 20 denne sesongen. Austevoll sin toppskårar, Trond Heggestad, er tre mål frå å ha skåra 100 på fire sesongar i Austevoll.

- Dette blir to fantastisk kjekke helger, det er slike kampar som er årsaka til at vi spelar fotball, seier Tim Henrik Sperrevik.

Einaste alien
Austevoll har fostra mange fotballspelarar i forhold til folketalet på øykommunen. 1. januar budde det 4417 personar i Austevoll. Trond Heggestad er den einaste på Austevoll sitt lag som ikkje er innfødd. Heggestad er gift med Karoline Møgster og jobbar som konsernkontrollar i DOF. 

- Eg trivst godt i Austevoll, seier Trond, som gjekk frå Løv-Ham til klubben i hans nye heimkommune før 2006-sesongen.

Kampane mot Os trur han blir tøffe. Sjølv er toppskåraren, som har putta 28 mål til no denne sesongen, mest effektiv tett på motstandarane sitt mål.

- Mange av skåringane mine er etter retur frå keeper eller tilsvarande klabb og babb rundt fem meter frå mål. Det er andre som gjer jobben, eg er berre på rett stad.

Tent til tåspissane
Tim Henrik Sperrevik har prøvd å legga opp to år på rad, men han har heldt fram også i 2009. Os vil opp igjen i 2. divisjon, og det har Sperrevik merka fram mot kvalik-kampane som no står for tur.

- Denne veka har det vore ein intensitet og kvalitet på treninga som eg ikkje har sett maken til, det er tydeleg at heile stallen er tent på dette. Og desse kampane kjem til å handla om vilje, trur Tim.

Sjølv skal han få bryna seg på to store midtstopparar når han skal prøva å skåra sitt 20. mål for sesongen.

- Den krigen er eg førebudd på, seier den 1,89 meter høge måljegaren til Os.

FAKTA OM TIM OG TROND

Alder
Tim: 33 år
Trond: 31 år

Sivil status
Tim: Gift med Marianne Tysse, to ungar
Trond: Gift med Karoline Møgster, to ungar

Tidlegare klubbar
Tim: Fana, Hartlepool og Bregenz (har éin Bundesliga-kamp, mot Salzburg)
Trond: Fana, Løv-Ham og Viking (ca 10 A-kamper for Viking i 2000-2001)

Seriemål i 2009-sesongen (før kvalik-kampane)
Tim: 19
Trond: 28

Av desse, på straffe:
Tim: 3 (missa på ingen)
Trond: 3 (missa på éin)

22 KAMPAR – 64 MÅL
Her er Os sine målskårarar til no i 2009
Tim Henrik Sperrevik: 19
Stian Lunde: 9
Christer Olsen: 7
Torkel Hjertnes: 6
Preben Borgen: 4
Vegard Leikvoll Moberg: 4
Tore Valvik: 3
Anders Glesnes: 2
Christian Almeland: 2
Andreas Bjørnen: 2
Aleksander Lindkvist: 1
Einar Algrøy: 1
Espen Valvik: 1
Frode Buvik: 1
Mats Lepsøe: 1
Ramo Racic: 1

Fleire saker