Kultur | 05. sep. 2019

Jan Erik Willgohs til Vedholmen

På laurdag opnar Willgohs si fjerde separatutstilling i Vedholmen Galleri.

Jan Erik Willgohs til Vedholmen
Jan Erik Willgohs er på ny klar for utstilling i Vedholmen Galleri. På laurdag er det vernissage. (Foto: Vedholmen Galleri) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 05. sep. 2019 07:28

Galleri Vedholmen kan sjå attende på ein god start på haustsesongen.

Dagleg leiar, Vibeke Harild, fortel at i førre veke hadde galleriet i Øyane den beste omsetnaden sidan galleriet opna for 20 år sidan.

No er det klart for eit gjensyn med kunstnaren Jan Erik Willgohs.

Nye verk

Harild fortel at dette vert den fjerde utstillinga Willgohs har på Vedholmen, og utstillinga vil visa dei seinaste maleria til kunstnaren.

Jan Erik Willgohs har utdannelse fra Statens Kunstakademi- Oslo, Konsthögskolen- Stockholm, og Royal College of Art- London.

Dei siste 40 års har han vore ein aktiv kunstnar, ein tydeleg kunst- og kulturaktør samt kurator, både lokalt og internasjonalt.

Vernissage med Ormhaug

Til laurdagens vernissage har Vedholmen Galleri invitert kunsthistorikar Knut Ormhaug til å halda opningstalen.

Utstillinga til Willgohs vil vera tilgjengeleg for publikum fram til og med 29. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.