Kultur | 25. mars 2017

– Janne Mari har vore uvurderleg for oss frivillige

Avskjedsfest på Oseana: No kjempar 68 søkjarar om stillinga hennar.

Janne Mari har lånt gjesterommet til Solveig meir enn éin gong, etter lange arbeidsdagar. I gåve fekk ho hotellpute. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. mars 2017 08:21

Bildeserie:

Andris frå Midtsiden tok minne-quiz med Janne Mari. (Foto: KVB)
Kollegaer og frivillige var blant dei inviterte. (Foto: KVB)
Andris frå Midtsiden tok minne-quiz med Janne Mari. (Foto: KVB)
Kollegaer og frivillige var blant dei inviterte. (Foto: KVB)
1 av 2
Kollegaer og frivillige var blant dei inviterte. (Foto: KVB)
Andris frå Midtsiden tok minne-quiz med Janne Mari. (Foto: KVB)

Janne Mari Hjelle, som blei tilsett som kulturhusvert 1. april 2011, knappe tre månadar før opning, flyttar heim til Nordfjordeid i mai.

Onsdag blei ho takka av med pølser, øl og mange fine talar i Oseana Kafé og Restaurant.

– Janne Mari har vore utruleg dyktig som vertinne. Å leia oss frivillige har vore ei av oppgåvene hennar. Ho har vore godt førebudd, delegert oppgåver og fått oss til å føla at innsatsen vår har betydd noko, seier Solveig Hoff.

Solveig har jobba som frivillig frå start, og er med bustad i Os Sjøfront ein av dei nærmaste naboane til kulturhuset.

– Ho er eit arbeidsjern, og om siste buss til by’n har gått så har ho sove hos oss. Ho har òg lånt nøklane om vi har vore på ferie, i tilfelle det blei behov for ei seng etter nok ein lang arbeidsdag.

Frå draumejobben til heimstaden

Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg og programsjef Berit Steen blei informert då Janne Mari i januar søkte om, og blei tildelt, 80 prosent stilling i kultureininga i Vågsøy kommune.

– Eg har hatt draumejobben her på Oseana, men eg måtte gripa sjansen då stillinga blei lyst ut. Eg har alltid visst at eg ville flytta heim igjen, noko anna har faktisk vore utenkjeleg for meg. Sist eg budde heime var i 2003, seier Hjelle, som fyller 34 år i år.

Janne Mari kjem frå eit småbruk og skal, ved sidan av kulturjobben, overta garden.

– Mamma og pappa bur framleis på garden, men vi har fleire hus, så det blir eit koseleg familietun. Vi har nokre sauar, og dei er enkle å passa.

I gang med intervjurundar

Det var 68 søkjarar til stillinga som Hjelle går frå då fristen gjekk ut i starten på mars.

– Vi er i gang med intervjurundane og håper å ha ein etterkomar på plass i løpet av eit par veker, seier Berit Steen.

Både Steen og Lindeberg var blant dei mange som heldt tale og gav gåver til den populære vertinna. At ho skal bli sauebonde prega både menyen (lammepølse), gåvene og repertoaret (Os Kammerkor kan synga om sau om dei må).

– Det blir rart å ikkje skulle vera her meir. Eg synest også det var modig av Oseana å tilsetja meg. Eg kom rett frå skulebenken, frivillig arbeid for å pynta på CV-en var det eg stilte opp med. Eg ville aldri ha byta desse åra med noko. Det har vore nokre utruleg kjekke og lærerike år, og den som får jobbe er heldig! seier Janne Mari.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.