Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim. (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Jannicke Sem-Onarheim blir plansjef i Bjørnafjorden

Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim (34) er tilsett i Bjørnafjorden kommune.

Kjetil Vasby Bruarøy
14. oktober 2019 - 20:29

Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim har tidlegare jobba i åtte for Os kommune, med juridisk rådgjeving innan veg, VA, plan og bygg.

Ho går frå stillinga som juridisk rådgjevar hos Sweco når ho blir plansjef, melder Bjørnafjorden kommune på sine heimesider.

Sem-Onarheim har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen. I tillegg har ho spesialisering innan immaterialrett og skatterett frå Saarland University i Tyskland og maritim lov frå University of Southampton i England. 

Det er førebels uvisst kor tid ho byrjar i jobben. Fram til den tid er Asle Andaas er konstituert som plansjef.

• Les òg: Jarle Kvalvik tilsett som kommunalsjef