Sport | 31. juli 2016

Jarle Nytræ tok 2. plass i RallyX Supercar!

Nybyrjar Jarle Nytræ frå Os brukte berre seks løp på å koma på pallen. Førsteplassen gjekk til lagkamerat Frode Holte.

Jarle Nytræ tok 2. plass i RallyX Supercar!
Jarle Nytræ køyrde seg opp frå 6. til 2. plass i finalen. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2016 19:43

Bildeserie:

Nytræ og lagkamerat Holte tok 2. og 1. plass. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
Nytræ og lagkamerat Holte tok 2. og 1. plass. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
F.v.: Jarle Nytræ, Frode Holte og Alexander Hvaal. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
F.v.: Jarle Nytræ, Frode Holte og Alexander Hvaal. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
1 av 2
Nytræ og lagkamerat Holte tok 2. og 1. plass. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
F.v.: Jarle Nytræ, Frode Holte og Alexander Hvaal. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)

Det blei trippel norsk i tredje av årets seks RallyX Nordic, som onsdag blei arrangert i Strängnäs i Sverige.

Circle X, laget til Jarle Nytræ og Frode Holte, tok dei to gjevaste plassane.

– Dette kan eg takka heile teamet for, frå Espen Solstrand, Pål Joar Ertsaas, og Marius Lepsøe til lagkamerat Holte og spotter Ole Kristian Nøttveit, seier Jarle til Midtsiden etter sin første tur på pallen.

Les òg: Nytræ satsar på full RallyX Nordic-sesong

Mot alle odds

«Oddsen for av Nytræ skulle i finalen er nesten u-spelbar, at han kom på pallen er nesten utenkeleg» lyder det i video-oppsummeringa av RallyX Nordic onsdag.

I konkurranse mot utøvarar med 10-20 år med erfaring, nokre av dei som heilprofesjonelle, tok Jarle Nytræ 2. plass i det som var hans sjette løp uansett klasse.

Køyrde seg opp frå siste- til andreplass

Det blir køyrd tre innleiande heat og det er plass til seks i finalen. Med 9 deltakarar gjekk alle vidare til dei to semifinalane.

– Eg såg at dei fire andre i min semifinale er så gode at eg rekna med at det berre var til å pakka saman etter semien. Men så var det éin som ikkje kunne halda fram og ein annan som køyrde utan clutch, så då var det berre til å gjennomføra og sikra 3. plassen.

Nytræ og Holte hadde dei to siste plassane i finalen. I tillegg til å starta bakerst kubba Nytræ bilen på startstreken.

– Normalt kan det vera ein fordel med dei to siste spora, for då får du eit lengre stykke med asfalt før grusen. Denne fordelen fekk Holte, som suste ut på grusen i stor fart og byrja å plukka bilar allereie i dei første svingane.

– Mens eg sto igjen som sistemann, kubb i ro. Då eg likevel var sist tok eg den obligatoriske alternative runden med éin gong. Den er tre sekund lengre og det like greit å bli ferdig med den når du er sist.

Så var det berre for Nytræ å passera bil eter bil til finalen var over.

Skåra på det han er dårlegast på

Jarle seier han har lett for å lata det «koka over» når han blir ivrig, men med rutinerte Ole Kristian Nøttveit på øyret klarte han å køyra taktisk.

– Ole Kristian held meg roleg via radio, i tillegg er han som ein kartlesar og hjelper meg å veta kor mykje eg treng å klemma til i forhold til kvar dei andre er på banen.

– Du treng gjerne ikkje stressa med å ta alle igjen med éin gong, når du er ferdig med den alternative løypa og dei andre før eller seinare må ut i den.

Nytræ var dessutan den einaste som ikkje punkterte i finalen.

– Det var vått og humpete. Blir du for ivrig der det er humpete så kan du fort slå lufta ut av dekka. Det klarte eg heldigvis å unngå.

Resultat, RallyX Nordic Supercar (Strängnäs)
1. Frode Holte, Circle X
2. Jarle Nytrae. Circle X
3. Alexander Hvaal, Eklund Motorsport

Les òg kva rallyx.se og rallycross.no skriv om løpet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.