Marius Neset fekk avslutta Kulturminnedagane 2019 med to konsertar på Lyngheim på søndag. (Foto: Lilly-Mae Grønvigh) 

Jazzkveld i Lyngheim

Dei åtte dagar lange Kulturminnedagane blei avslutta med to intimkonsertar med jazzsaksofonist Marius Neset i Lyngheim.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tekst og foto: Lilly-Mae Grønvigh

Midtsiden var på plass under konsert nummer to denne kvelden.

Kulturkonsulent i Os kommune, Stine Kobbeltvedt, opna konserten med å minna publikum på om kor heldige dei er som får oppleva ein intimkonsert på heimebane med den verdskjente saksofinisten.

Spelte originalen

Konserten starte med «A Day in A Sparrow’s Life», eit stykke Neset fortel at han først skreiv for seg sjølv, men som seinare har blitt arrangert for symfoniorkester.

– Det er veldig fint å få spela den solo, som den opprinnelig var.

– Det som er så fint med å spela solokonserter sånn som dette, er at du får bruka instrumentet på ein heilt annan måte enn det ein vanlegvis gjer med fullt band. Det er så mange nyanser du kan få fram i instrumentet.

– Korleis får han det til?

Trass i at det (så langt) berre er saksofon på scenen, blir rommet fylt med musikk, energi og ulike temposkifte.

Neset speler lynraskt, og halvvegs inn i første låt undrar journalisten, (som har 4 års erfaring med treblås) korleis han klarar å spela så bra og så intenst uten å svima av.

Det finnst berre éi forklaring: Neset er eit naturtalent, og det fikk publikum verkeleg oppleva.

Neset heldt fram med å presentera fleire av hans eigne stykke, som «Prague’s Ballet» fra albumet Circle of Chimes (2017).

Låten blei akkompagnert av Anne-Leni Søfteland Sæbø, mor til Neset. 

Stor stjerne

Erik Vangsnes, som er kultursjef i nye Bjørnafjorden kommune, avslutta konserten med eit par ord;

– Neset er ei stor stjerne i musikkverda, og vi er heldige som får oppleva han.

 

 

 

 

 

 

Marius Neset - Lyngheim 2019 from Midtsiden on Vimeo.

Fleire saker