Næringsliv | 26. aug. 2016

Jeanett opnar butikk på Øyro

Jeanett Borgen Kallekleiv bruker mellomnamnet til besto og byr på herre- og damemote når ho opnar butikken Borg Vêr.

Jeanett opnar butikk på Øyro
Jeanett Borgen Kallekleiv liker utviklinga av Os sentrum og trur timinga er rett for å opna ny butikk på Osøyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. aug. 2016 10:20

Jeanett er berre 23 år (fyller 24 i haust), men har allereie både fagbrev og nesten 10 år erfaring frå butikk.

– Eg har likt butikk sidan eg som lita jente var med pappa (Arne) på jobb hos MX Sport, fortel Jeanett Borgen Kallekleiv.

Ho byrja å jobba i same butikk då ho var 14 år og tok fagbrev innan sal og service etter to år på Os vidaregåande skule.

– Etter at eg tok fagbrev blei det fleire år i same bransje, med Sport Outlet, der eg fram til mars i år var med på å opna 22 nye butikkar.

Kallekleiv har òg vore butikksjef for to av dei, men i vår sa ho seg opp.

– Eg har hatt ti kjekke og lærerike år i sportsbransjen. No blir det meir tekstil, men ikkje innan sport.

Something to wear - i all slags vêr

Den unge, erfarne butikkjenta frå Halhjem har alltid drøymd om å driva sin eigen butikk, og no var tida moden.

Namnet blei kjend då ho torsdag kveld la ut facebook-side for den komande butikken; Borg Vêr.

– Eg har brukt mellomnamnet til besto, Ninni Borg Borgen. Ho e' favoritten!

– Eg bruker namnet Borg saman med ordet vêr, som vi har rikeleg av på Vestlandet, og som samtidig betyr «å ha på seg» om du høyrer med engelske øyre.

Butikken blir dame- og herremote. I utvalet kjem blant anna regntøy, men ikkje berre ytterklede.

– Innkjøpsrunden er ikkje ferdig, så det er for tidleg å nemna klesmerke. Eg satsar på merke som ikkje er i andre butikkar i Os, klede eg og andre i dag må til by'n for å kjøpa.

Vil opna i oktober

Jeanett eig Borg Vêr AS åleine. Det er bestemt at butikken kjem på Osøyro, men då den komande butikkeigaren førebels ikkje har signert leigekontrakten vil ho venta litt med å seia kva lokale det er snakk om.

– Eg ser kor fint det har blitt, og kjem til å bli, i Os sentrum. Eg trur timininga er god og eg trur Osøyro vil bli stadig betre i åra som kjem.

Målet er å opna i oktober i år. Førebels er ingen andre enn eigaren tilsett. Jeanett seier ho vil jobba mykje sjølv, men at ho naturlegvis vil ha nokre medhjelparar.

– Dialogen med komande leverandørar har vore veldig positiv! Eg har vore med på mange butikkopningar før. Det er hektisk og spennande, men ekstra gøy når det er ditt eige. Over 300 har likt sida til butikken på facebook allereie og eg gler meg mykje til både innspurten og opninga, seier Jeanett Borgen Kallekleiv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.