Sport | 30. des. 2014

– Jej! Vi skal til Tyskland!

Simon Noel og gjetarhunden Jej startar satsingsåret 2015 med tur til B.A.C.K., eit av Europas største agility-stemne.

– Jej! Vi skal til Tyskland!
Agiliti har fokus på samspel mellom hund og hundeførar. Her er Simon Noel og Jej i trening til tyske B.A.C.K. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. des. 2014 09:07

Bildeserie:

Jej var berre eit lite feiltrinn frå NM-finale i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jej var berre eit lite feiltrinn frå NM-finale i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har ho dagen kan ho koma på topp 10 av 109 deltakarar i Tyskland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har ho dagen kan ho koma på topp 10 av 109 deltakarar i Tyskland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simon og Jej satsar for fullt i 2015. – Første frihelga mi neste år blir i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simon og Jej satsar for fullt i 2015. – Første frihelga mi neste år blir i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Jej var berre eit lite feiltrinn frå NM-finale i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har ho dagen kan ho koma på topp 10 av 109 deltakarar i Tyskland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simon og Jej satsar for fullt i 2015. – Første frihelga mi neste år blir i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Simon Noel og sambuaren Dorte Natås flytta frå Bergen til Os for åtte år sidan. Årsaka var at dei ville ha betre omgjevnadar til å driva med hobbyen sin, hund og agility.

Agility er ein form for hundesport som fokuserer på samspel mellom hund og hundeførar, der hundeførar kommanderer hunden gjennom ei hinderløype. Det gjeld å koma seg gjennom løypa i rett rekkefølgje, med færrast mogleg feil på kortast mogleg tid.

– I Os Hundeklubb har vi eit godt miljø og hos Fjellanger Hundeskole er vi heldige som kan trena under tak, seier Simon.

I fjor rykte hunden hans Jej opp til øvste divisjon, til helga skal Simon og Jej på sitt tredje internasjonale stemne.

– Vi satsar for fullt i år. I tillegg til deltaking på mange stemne er eg kurshaldar og dommar i agility. Den første frihelga vår i 2015 blir i november, fortel han.

Ein rase i vekst

Jej er av rasen pyreneisk gjeterhund, ein rase som er kjent for å gjera det skarp innan agilitiy, altså hinderløp for hundar.

– Dette er min fjerde hund. Eg starta med ein blandingshund i 1999, så fekk eg mora til Jej (Pinjo), som var innom landslaget, og no har eg Jej og broren Flink, som også er i trening.

– Rasen har vore i vekst i Noreg dei siste åra, det skal no vera rundt 50-60 registrerte eksemplar.

Over 400 på venteliste

Sponsor Rune Fjellanger er tydeleg stolt av den ambisiøse ekvipasjen.

– Ikkje berre har vi hundar i noregseliten her i Os, no har vi hundar som har sjanse til å hevda seg i verdseliten, seier Fjellanger.

Det var cirka 1200 påmeldte til B.A.C.K., som berre har tatt inn 750 av desse ekvipasjane. Det er venta deltakarar frå 17 nasjonar på B.A.C.K. (Bavarian Agility Challange Kreuth).

– Vi var heldige som fekk plass, dette er det største og mest populære vinterstemnet i Europa og vi skal konkurrera mot både regjerande europameister og verdsmeister.

Jej deltar i klassen under 42,9 cm skulderhøgde. Der er det 109 deltakarar.

Kan klara topp 10

Sjølv om Jej ikkje hadde dei heilt store resultata innanlands i 2014 har Noel tru på at hunden kan gjera det skarpt i Tyskland.

– Vi har fått fleire peikepinnar på at Jej kan få det til. Vi var berre eit lite feiltrinn frå NM-finale i år. Når Jej er på sitt beste så er ho tett på noregstoppen.

– Vi brukte litt tid på tilvenning med flyreise og konkurranse i år og i fjor, det er mykje som speler inn for å unngå stress. Har vi full klaff i B.A.C.K., med dagsform og løype, så kan Jej klara å nå topp 10, seier Simon Noel.

– Slike store stemne kjører live streaming og det blir veldig spennande for oss her heime å følgja med. Når det går stemne som dette så sit det fleire i hundesportmiljøet klistra til skjermen frå 8 om morgonen til 20 om kvelden.

– Det er som når det er OL eller VM på ski, seier Rune Fjellanger, som ofte kjører streaming på storskjerm på hundeskulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.