Lokal | 06. feb. 2021

Jente funnen berrføtt i snøen

Henta med ambulanse etter fest.

Jente funnen berrføtt i snøen
Jenta blei etterkvart henta med ambulanse, etter å ha blitt funne av turgåar. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. feb. 2021 10:55

Fredag kveld blei ei jente, som truleg er i ungdomsskulealder, funnen liggande i snøen i eit nabolag i Os.

– Eg skulle gå ein kveldstur då eg la merke til tre ungdomar i området. Då eg kom tilbake ein time seinare, var ein nabo og såg etter to av dei, ein gut og ei jente.

Den tredje blei funnen liggande i snøen, berrføtt og ganske full, i ei tynn bukse og med berre ein liten topp under jakken.

Ho så ut til å ha lagt der ei stund, og berre mumla svakt då dei vaksne prøvde å få kontakt.

Henta med ambulanse

– Naboen kontakta ambulanse, og heldt praten i gang mens dei venta på denne.

– Ho framsto som full og hadde vanskar med å gjera greie for seg.

Ambulanse blei tilkalla, og jenta blei henta.

– Pass på kvarandre!

Vitnet ønskjer, av omsyn til jenta, å vera anonym. Midtsiden kjenner identiteten hans.

– Det viktigaste her er ikkje kven det var eller kvar dette skjedde, men at foreldre kan vera observante, og at ungdomar må passa godt på kvarandre, særleg når det er så kaldt ute.

– Dette kunne gått gale. Eg håper det går fint med jenta i dag.

OPPDATERT:

Etter at saka blei omtalt har jenta tatt kontakt med Midtsiden-redaksjonen. Ho fortel at alt står bra til, men at saka har blitt framstilt på ein annan måte enn ho opplevde det.

– Eg ville ut frå ein fest for å få frisk luft. Venane mine gjekk ikkje ifrå meg, tvert imot, så prøvde dei å få meg inn i huset igjen.

– Men då dei vaksne kom blei venane mine vist vekk. Dei fekk beskjed om å ikkje gå i vegen.

Jenta er takksam for at dei vaksne ville hjelpa, men meiner venane ikkje gjorde noko gale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.