Lokal | 02. okt. 2018

Jente påkøyrd på Strønevegen

Bil klarte ikkje å stoppa då jenta kryssa vegen på sparkesykkel.

Jente påkøyrd på Strønevegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. okt. 2018 07:47

Tysdag morgon blei ei kvinne påkøyrd i eit gangfelt på Søfteland, måndag ettermiddag blei ei jente påkøyrd i eit gangfelt på Strønevegen.

– Ei jente i barneskulealder skal ha kryssa vegen på sparkesykkel, og ein bil klarte ikkje å stoppa då ho svingte ut i vegen.

Ulykka skjedde mellom avkøyrsle til Dahlsvegen og avkøyrsle til Kysthospitalet.

– Jenta var til legevakt, og seinare på Haukeland, for sjekk. Kva type skade ho fekk er uvisst, men det skal ha vore snakk om smerter i ribbeina, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

Bilførar er ein mann i 60-åra.

– Etter samtale med vitner på staden blei det beslutta å ikkje ta beslag i førarkortet, fortel Fimreite.

Far og to born fekk hjelp av redningsbåt

Måndag i 20-tida fekk ein båt problem utanfor Os.

– Det var ikkje nokon dramatikk, men båten fekk motorstopp, og båtførar klarte ikkje å padla den til land.

Om bord var det tre personar, ein mann og to born.

Redningsselskapet kom og taua båten til land.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.