Lokal | 07. aug. 2010

Jente sov i flammehav

Ein røykvarslar redda i natt fire kvinner ut av brennande hus.

Jente sov i flammehav
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. aug. 2010 02:14

Ingen blei skadd då det byrja å brenna i ein bustad på Søfteland natt til laurdag. Huset er eigd av Bufetat og det var tre tilsette og éin ungdom i bustaden då det byrja å brenna.

Dei tilsette skal ha blitt vekt av røykvarslar, og oppdaga då at det var brann i kjellaren. Alle kom seg ut av huset og brannvesenet blei varsla.

Ei anna jente som bur ved institusjonen var heime tidlegare på kvelden, men vekke då brannen braut ut.

Effektiv sløkking
Alle kom seg ut og brannvesenet blei varsla.

- Vi fekk melding klokka 02.43 og rykte ut med det same. Vi kom oss til rett rom og fekk raskt kontroll på flammane, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Brannvesenet var på plass med eit røykdykkarlag på åtte mann rundt 10 minutt etter at meldinga kom inn.

Røykskader
Brannsjef Gjøsund fortel at brannen ikkje rakk å spreia seg til andre rom før sløkkearbeidet starta.

- Det er berre dette eine rommet som er skadd av brannen, men heile huset er skadd av røyk.

- Dei tilsette varsla raskt og gjorde elles alt rett. Dei tok godt imot oss, gav oss nøklar til alle rom og fortalte kvar brannen starta.

Også politi og ambulanse rykte ut til staden. Ingen av dei som var i huset blei skadd av røyk eller flammar, men ambulansepersonell tok hand om dei den første stunda etter brannen.

Politiet etterforskar saka og det er førebels uvisst kva brannårsaka er.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.