Sport | 08. sep. 2014

Jentene rular på fotballbanen

– Det blir stadig lettare å setja opp reine jenteklassar, seier Thomas Fiksdal. Av 81 lag på Framo Lysekloster Cup var det 20 jentelag.

Jentene frå Os og Søre Neset koste seg i pausane mellom kampane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. sep. 2014 08:06

Bildeserie:

Så var det premieutdeling, også til heimelaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oliver H. Rasmussen og Mika Michelsen testa kvar sin 9-arball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med små mål går det an å vera keeper sjølv om du er ung. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Målsjanse, men ikkje skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Thomas Fiksdal fortel om 81 lag frå Halsnøy i sør til Åsane i nord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Håvard Bjoarvik tok oppvarminga opp-ned. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Scott N. Drange (bildet) og Knut Jordal var cupens beste i triksing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nesten redning, nesten skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så var det premieutdeling, også til heimelaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oliver H. Rasmussen og Mika Michelsen testa kvar sin 9-arball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

I helga blei årets Framo Cup arrangert av Lysekloster il, fredag med sjuarfotball, laurdag og søndag med dei yngste.

På seks banar gjekk det slag i slag med annakvart kjønn, 12 gutelag i sving den eine halvtimen, 12 jentelag den neste.

– Tidlegare måtte vi setja opp jentelag mot gutelag i enkelte klassar, i år har vi berre reine jenteklassar.

– Vi måtte rett nok slå saman to av aldersklassane, så alle skulle få nok motstandarar, men det kjem seg frå år til år. Den store Jentefotballdagen, og det at klubbane er flinkare å setja opp reine jentelag frå første skuledag, gjer at det veks fram fleire og fleire store, gode jentelag.

Frå Halsnøy til Åsane

Cupen i Lysefjorden har flest deltakarar frå eigen klubb, frå Os TF og frå andre klubbar i kommunen.

– Men vi har også fleire bergensklubbar og lag frå Åsane i nord til Norde Halsnøy i sør.

– Det er veldig kjekt med litt tilreisande lag, ikkje minst for dei yngste, som stort sett møter kvarandre i serien og med dette får litt ny motstand, seier Fiksdal.

I pausane mellom kampane var det også aktivitetar å vera med på, frå triksing på Sparebanken Vest sin stand og på Quickplay sine reboundere til oppblåsbar rutsjebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.