Lokal | 10. mars 2020

Ung dame heldt fast påkøyrd hjort

Sikra at den ikkje blei yttarlegare skadd etter påkøyrsle på Byvegen.

Ung dame heldt fast påkøyrd hjort
Det tok tid før hjelpa kom. Då ringte den unge dama til faren sin. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mars 2020 14:15

Tysdag rundt klokka 14.45 blei ein hjort påkøyrd på E39 Byvegen ved Brandsneset nær Ulvenskiftet.

Hjorten blei skadd, men skal ha blitt hindra å gå skadd frå staden, eller ut i vegen, av nokre jenter.

– Eg veit ikkje om dei kom frå bilen som køyrde på hjorten, eller ein annan bil, men dei viste handlekraft, fortel vitne.

Politiet og viltkontakt blei varsla. Artikkelen blir oppdatert når vi får kontakt med desse.

OPPDATERT: Midtsiden har snakka med far til den unge kvinna i 20-åra som tok hand om hjorten.

– Ho kom tilfeldigvis forbi, og stoppa for å hjelpa til. Jenta som køyrde bilen såg ut til å vera uskadd, men hjorten låg med knekte bein og såg ikkje ut til å ha det bra.

– Heldigvis er dottera mi vant med dyr. Ho sette seg ned, heldt den fast, og la eit teppe over augene på hjortekolla, så ho heldt seg i ro.

Då ho hadde sete med hjorten i nesten ein halvtime utan at verken politi eller viltkontakt hadde dukka opp, ringte ho faren, som er bonde. Han kom til staden og avliva hjorten.

– Eg synest det er klandreverdig at ingen kom for å hjelpa til. Hadde det vore nokon som pissa i ein busk i Os sentrum, hadde dei nok fort fått bot. Her sit ei ung dame og held ein skadd hjort fast, midt i rushtrafikken på E39, og så blir ho sitjande så lenge utan å få hjelp.

– Det går an å forstå at viltkontakt bruker tid, dei er privatpersonar. Men eg synest politiet kunne sendt ut hjelp.

Viltkontakten skal ha kome til staden fem minutt etter at dyret var avliva.

OPPDATERT: Politiet ber om orsak. Sånn skildrar den unge dama den lange halvtimen i grøfta med hjorten (abo).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.