To nye etasjar: I utgangen av 2019 skal Smiegården sjå sånn ut. (Ill.: Abo plan og arkitektur)

Jernia utvidar med 250 kvm

– Omsetnaden aukar, dette er etterlengta, seier familien Sælen om tilbygget på Smiegården.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Jernia-butikken i Os sentrum er midt på treet i storleik i forhold til andre i kjeda, men Paul M Sælen & Co AS ligg på topp 10 i Noreg på omsetnad. 

I 2017 fortalte dei om ei auke på 30 prosent, året i forvegen hadde omsetnaden vakse med to millionar samanlikna med 2014. I fjor landa dei på over 18,7 millionar kroner i omsetnad og eit driftsresultat på nesten 1,4 millionar.

– Vi har lenge hatt lyst på større butikk, men å flytta har vi ikkje sett på som eit reelt alternativ. Folk er vant med å handla her, seier dagleg leiar Paul Sigurd Sælen.

Han eig no butikken saman med broren Hans Kristian, mens pappa Paul Hans sit på Smiegården AS, som eig bygget.

• Då reisebyrået flytta opp ein etasje: Utvida frå 160 til 260 kvm i 2010 

Rask prosess for 32 år sidan

Smiegården er teikna av arkitekt Hans Skogen og blei bygd i 1987. Bygget er på i alt 1200 kvadratmeter fordelt på 3 etasjar pluss loft.

– Vi byrja å riva 4. august, 2. desember same år flytta vi inn i første etasje, minnest Paul Hans.

Det effektive prosjektet blei leia av Harald Lekven frå Erstad & Lekven. Etter fire månadar i midlertidig lokale i Handlegården, der det før var tunell ut mot elva, var det innflytting.

Sjølv om det no skal reisast eit tilbygg på rundt ein femtedel av arealet, blir både byggetida og prisen omtrent som i 1987.  

2 x 125 kvadratmeter

I samband med opprusting av plassen bak bygget og ned mot elva, blei eit skur rive og eit areal utveksla i makebyte med kommunen. Dette arealet har til no vore markert med farga stein på Baronsplassen.

I veka som kjem blir det sett opp tryggleiksgjerde rundt plassen, så skal steinen opp og ny test av grunnen takast før byggestart.

– Tilbygget blir på 250 kvadratmeter fordelt på to fulle etasjar. ABO har teikna tilbygget, Byggmester Skaathun er hovudentreprenør, seier Paul Hans.

– Bygget skal stå klart 1. desember. Vi vil nok bruka delar av det nye arealet frå start, men full innreiing blir nok etter at julehandelen er over, seier Hans Kristian.

Meir av «alt»

Den rundt 300 kvadratmeter store første-etasjen er i dag supplert med omn-utstilling, kontor og spiserom i 2. etasje. Kvar morgon blir grasklipparar, grillar og andre varer trilla på utandørsutstilling under tak.

– Korleis skal utvida plass nyttast?

– Heile første etasje blir butikk, med unntak av verkstad, som vi også i dag har på gateplan, men som no blir bygd ny og flytta til hjørnet nærmast torget.

– I butikken er det fleire varegrupper vi ønskjer utvida plass til, frå hagemaskiner og maling til båt og fiske, fortel brørne Sælen.

Nytt merke for Sælen & Co er Husqvarna, noko som er med på å skapa behov til auka areal.

– I 2. etasje får vi først og fremst utvida plass til omn, men også andre meir arealkrevjande varer. Utandørs blir det gras og grill som før.

Trappa i butikken skal vendast, så det blir tydelegare for kundane at også 2. etasje er del av butikken.

Fleire saker