Joakim gjekk raskast

Joakim Sælen persa, slo den 8 år gamle løyperekorden til Trond Nymark og vann konkurranseklassen i Ulvenmarsjen. Erik Tysse kom på 3. plass.

Joakim Sælen persa, sette løyperekord og vann konkurranseklassen i kappgang under Ulvenmarsjen 2013. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2013 07:01

Osingen Joakim Sælen frå TIF Viking persa med 3 minutt, sette ny løyperekord og vann den 15 kilometer lange konkurranseklassen i Ulvenmarsjen i helga.

Joakim gjekk i mål på tida 1:07.43, på plassane bak kom klubbkamerat Håvard Haukenes og Erik Tysse frå IL Norna Salhus.

Den førre løyperekorden var på 1:10.02 (Trond Nymark i 2005).

Det var i 2004 at Ulvenmarsjen fekk ei ekstra sløyfe for konkurranseklassen, så løypa blei 15 kilometer, mot 13,7 km som dei sivile deltakarane går.

Resultatliste, menn:

1. Joakim Sælen, TIF Viking 1.07.43
2. Håvard Haukenes, TIF Viking 1.08.24
3. Erik Tysse, IL Norna Salhus 1.12.03
4. Arild Fotland, Søfteland TIL 1.21.00
5. Arvid Bjørsvik, TIF Viking 1.40.09
6. Arthur Lillefosse, TIF Viking 1.45.59

Resultatliste, kvinner:

1. Halldis Marit Nagell-Dahl, TIF Viking 1.51.07

Dommarar: Nina Roos Andersen, Jan Rolstad, Harald Nymark og Ronald Slettebakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.