Sport | 14. juni 2012

Joakim VM-klar

Måndag blei kappgjengar Joakim Sælen tatt ut til junior-VM i Barcelona. I juli går han 10 000 meter på Olympiastadioen.

Joakim VM-klar
Joakim Sælen skal gå 25 runder på Olympiastadioen i Barcelona under VM. Innfelt Joakim under eit stemne i Russland i mai (fotomontasje: IAAF/Håvard Haukenes)
Andris Hamretorsdag 14. juni 2012 10:10

Den talentfulle kappgjengaren frå Nore Neset, Joakim Sælen fekk måndag beskjed om å pakka bagen og gjera seg klar til Junior-VM i Barcelona 10. - 15. juli.

- Joakim blei sjølvsagt nøgd då han fekk beskjeden frå landslagsleiinga, fortel Nina Solvår Sælen, leiar i TIF VIking.

Kvalifiserte seg på Søfteland

Det var under ERAN opningsstemne 15. april ungguten gjekk raskt nok til å klara VM-kravet på 10.000 meter.

- Kravet er på 44,20. På ERAN persa Joakim med nesten 2 minutt då han gjekk inn på 44,18.

- Det er første gong han deltek på dette nivået, så forventingane er nok meir på å gjera eit godt løp enn på konkrete plasseringar.

- Det blir ei oppleving. Han reisar nok ned med mål om personleg rekord. Klarar han det er vi i klubben òg godt nøgd, fortel klubbleiaren.

Dei ti kilometra skal Sælen gå på Olympiastadion frå 1992 fredag 13. juli frå klokka 09.00.

- Løpet blir litt annerleis enn det han gjekk på Søfteland då han kvalifiserte seg sidan heile strekket skal gå på bane, men det reknar eg med Joakim taklar heilt greitt.

Vann NM-gull

Kappgjengaren har hatt ein god framgang gjennom heile vinteren og lagt eit godt treningsgrunnlag for meisterskapet.

- No gjenstår å spissa formen fram mot meisterskapet, avsluttar Sælen.

Under senior-NM i Sandane i byrjinga av juni gjekk Joakim Sælen inn til to individuelle bronse og eitt gull i lag-NM.

Samen med landslaget reiser han til Barcelona 7. juli for å aklimatisera seg og førebu seg til VM. Han blir difor ikkje å sjå i gatene i Os sentrum under OL-kvalifiseringsløpet 8. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.