Lokal | 13. sep. 2016

Jobbar med heiltidskultur

Kommunalsjefen vil ha fleire store stillingar i helse- og omsorgssektoren. – Vi har eit internt prosjekt på gang, fortalde Nils-Petter Borge på Trygg i Os.

Jobbar med heiltidskultur
Programleiar Tove Hille serverte kommunalsjef Nils-Petter Borge tropisk drink før han fekk presentere utbygginga på Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 13. sep. 2016 13:26

I samband med arrangementet Trygg i Os, kor omlag 280 seniorar var påmeldt, var kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge invitert til å orientera om utbygginga av Luranetunet.

Programleiar Tove Hille introduserte Borge med å servera tropisk drink til kommunalsjefen og invitera seg sjølv til ein date i den tropiske hagen som blir ein del av utbygginga av Luranetunet.

– Når Luranetunet er ferdig utbygd vil vi ha 175 plassar, kor 35 av dei er nye plassar for demente, fortalde Borge som peika på at ein i tillegg til tropehagen Hille var oppteken av også har stor fokus på uteområdet.

– Det skal vera godt tilrettelagt, samstundes som vi tek ivare tuftene frå den 4000 år gamle bosettinga som var der oppe og bruka den som ein aktiv del av miljøet.

Vil ha fleire i større stillingar

Samstundes med at ein no bygger ut Luranetunet fortalde Borge at ein jobbar med å gjera endringar innomhus også.

– VI har eit internt prosjekt som går på heiltidskultur. Vi veit at det er mykje deltid med små stillingar i omsorgssektoren. Dette har vi eit ønskje om å gjera noko med. Vi vil ha flest mogleg over i større stillingar.

– Difor har vi vore på tur saman med tillitsvalde for å sjå på ulike måter å gjera dette på.

– Det vil ikkje berre gjera det attraktivt for dei tilsette, men ikkje minst for dei som bur der oppe, eller som mottek hjelp frå heimetenesta. Det er viktig at brukarane ikkje får for mange dei må forhalde seg til. De har sikkert lese i Bergens Tidene om brukarar i Bergen kommune som må forklara kva dei treng hjelp til kvar gang det kjem ein ny frå heimetenesten. Det ønskjer vi ikkje i Os.

– Vi ønskjer så langt det lar seg gjera å begrense talet på ulike som kjem på besøk, fortalde kommunalsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.