Jobben blir gjort av hjort
– Det var tilfeldig at eg oppdaga dette, seier Rolf Lunde i Glass & Tre AS.
Glass & Tre AS i Lønningdal leverer trearbeid og glasrekkverk til privatmarknaden.
– Glasrekkverk inne og ute, og glastak, er den største marknaden vår. Men vi sel òg trebrygger, trapper, kledning og spesialbygde møblar fortel Rolf Lunde.
Han driv firmaet saman med sonen. I travle tider leiger dei inn folk. No har dei fått hjelp frå uventa hald.
Hjort med sans for godt trevirke
Den lokale snekkerverkstaden bruker ein del ask, og har fått ta ut nokre stammer av det streke trevirket hos ein grunneigar i Hegglandsdalen.
– Det var tilfeldig at eg la merke til at barken forsvann av felte stammer av ask, men berre når bakkane er dekte av snø.
Rolf såg tydeleg at det var hjorten som hadde vore og ete barken, og at den forsynte seg grovt. Det ser òg ut som om ask er ein av få tresortar hjorten er interessert i.
– No har eg passa på å fella trea når det ligg snø i området. Så går vi opp og snur stammene så hjorten får tak i all barken. På ei lita veke er stamma ferdig barka. Vi har fått god hjelp og hjorten har fått viktig næring.
– Eg hadde ikkje klart å skapa dette mønsteret
Askestokkane blir skorne i grove dimensjonar og lagt til tørk, gjerne i fleire år, før dei blir kappa og høvla til blant anna innvendig rekkverk. I desse dagar bygger Glass & Tre AS eit stort rekkverk over tre etasjar i ein einebustad i Lysefjorden med tømmer vakse opp i skogen til Lønningdal Drift AS, hogd for nokre år sidan.
– Ask er ein utruleg flott tresort. I tillegg til styrken held den seg lys, den gulnar ikkje slik for eksempel furu gjer. Derfor er ask godt eigna til finare innreiing, som søyler og som handløparar til glasrekkverk.
– Jobben som hjorten gjer, er den krevjande om du skulle gjort den sjølv, at det er ein viktig jobb som blir «gjort av hjort»?
– Det er alltid godt å få hjelp, men den viktigaste jobben som hjorten gjer for oss er mønsteret som står igjen. Vi bruker av og til hun (bakhun, ytste stykket av trestokken) til for eksemple innvendig kledning.
– Å kunna levera med eit samanhengande mønster frå hjorten si gnaging er litt unikt, og ganske stas. Eg hadde ikkje klart å skapa noko liknande med kniv, seier Rolf Lunde i Glass & Tre AS.