Lokal | 22. feb. 2021

John Olav Nilsen til Oseana

Den kritikarroste bergens-artisten stiller med heile Nordsjøen på konserten i mai.

John Olav Nilsen til Oseana
John Olav Nilsen & Nordsjøen skal spela i Oseana laurdag 1. mai. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 22. feb. 2021 19:18

I dag føremiddag opna billettsalet for John Olav Nilsen & Nordsjøen sin konsert i Oseana laurdag 1. mai.

Konserten i Os blir den siste på ein turné som startar i Steinkjer 7. april, og som skal innom både Sentrum scene i Oslo og USF Verftet i Bergen.

Heilt sidan den kritikarroste og Spellemannvinnande debutplata «For Sant Til Å Være Godt», har bergensartisten vore ein av sin generasjons absolutte livefavorittar. Fulle hus og øyredøyvande allsong har vore standard på konsertar og festivalar, og låtar som «Diamanter og kirsebær», «Hull i himmelen» og «Valiumsvalsen» vil stå seg som evige klassikarar i norsk musikkhistorie.

Frå Gjengen til Nordsjøen

John Olav Nilsen & Nordsjøen består forutan John Olav, av dei tidlegare Gjengen-medlemmane Einar Vaagenes, Lars Eriksen og Mikael Kanstad.

Musikalsk er dei i sjangeren gatepop, eller for nokre, motstands-pop. I 2020 slapp dei albumet «Det store i det små» til strålande kritikkar frå medium landet over, og til våren vil bandet sleppa ny musikk.

På turnéen har Nordsjøen i tillegg med seg Eirik Marinius Sandvik på gitar, Glenn Endre Bertelsen på Trommer og Pablo Tellez på bass.

100 eller 200?

Før helga måtte blei det klart at nye smittevern-reglar gjorde at Oseana måtte kutta kapasiteten sin frå 200 til 100 publikummarar. Oseana-direktør, Ole Tobias Lindeberg, såg med undring på dei nye reglane.

– Eg reknar med at dette er eit resultat av den store diskusjonen som har gått rundt fastmonterte og lause stolar, der bransjen har stått saman for å kjempa for at dei med lause stolar på faste plassar skal kunna få meir enn 10 gjestar. Det er veldig vanskeleg å forstå kvifor vi og andre endå større hus, som Grieghallen og konserthuset i Stavanger, brått skal endå meir ned i publikumstal, sa Lindeberg i ein kommentar til Midtsiden.

Arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen, fortel i dag at det i utgongspunktet er lagd ut 100 billettar til konserten, men at dette fort kan endra seg.

– 100 publikummarar er det som er lov no, så får vi sjå kva som eventuelt endrar seg fram mot 1. mai.

Måndag ettermiddag var det allereie selt 28 billettar til konserten, kan Oseana opplysa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.