Sport | 10. juli 2014

Johnny tok eit beist i Oselvo

Søndag tok han sesongens første laks i Oselvo, torsdag fiska Johnny Lund det som kanskje blir sesongens største laks i Oselvo.

Johnny med laksen på 14,3 kilo. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juli 2014 22:58

Det blei årets «Oskar» då Johnny Lund søndag morgon tok ein laks på 7,5 kilo i sone 2.

Les òg: Tok den første - vil ta den største

– Eg er mest opptatt av å ta den største, men det var veldig kjekt å få den første, og at det var ein så fin fisk, sa Johnny Lund til Midtsiden måndag.

Torsdag sto han litt lengre oppe i elva og halte på land ein laks på heile 14,3 kilo.

«Livet smiler til labetus», skriv Johnny på si eigen facebook-side.

Gårsdagens fangst kan fint bli sesongens største, sjølv om det i fjor blei tatt ein laks på utrulege 18 kilo i Oselvo.

Ifølgje prohd.no var fisken 118 cm lang.

Laksen blei fiska i sone 5.

Laksen søndag blei fiska med spinner, torsdag var det makk som fekk det til å bita på kroken til Johnny.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.