Sommaren 2019 skal den nye Hangursbanen stå klar, med restaurant til 450 gjestar på toppen. (Ill.: HLM Arkitektur AS)

Johs Sælen fekk storkontrakt på Voss

Øvre stasjon på nye Hangursbanen, med restaurant, skal byggast med stål frå Os.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Johs Sælen & Sønn AS søkjer etter folk grunna auka ordreinngang.

– Det har auka over tid, blant anna med ein rammeavtale med ein råbyggleverandør på Austlandet som resulterer i rundt 500 tonn i året, og ein kontrakt frå april på «Vinkelbygget» i Fabrikkgaten i Bergen, som utgjer rundt 200 tonn stål, og som no har nok leigekontraktar til at det blir byggestart, fortel dagleg leiar Tore Sælen.

I førre veke vann Sælen dessutan ein spennande kontrakt på Voss.

– Vi har fått stålarbeidet på øvre stasjon på den nye hangursbanen, ein ordre på i overkant av 100 tonn stål.

Arbeidet med ordren til Vinklebygget startar før ferien, arbeidet med stål til nye Hangursbanen byrjar rett over ferien, kanskje før.

Frå Voss stasjon og rett til fjells 

Styret i Voss Resort AS og Voss Gondol AS beslutta bygging av ny gondolbane 11. januar i år. Banen skal erstatta den ærverdige gamle Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som blei lagt ned i 2015.

Nedre stasjon blir no på Voss Jernbanestasjon, mens øvre stasjon kjem på Hangurstoppen (820 moh) rett ved der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen. Øvre stasjon får òg restaurant med kapasitet til 450 gjestar.

Ferdigstilling med opning av banen er planlagt sommaren 2019.

Nye robotar og fleire tilsette

Johs Sælen har auka frå rundt 300-400 tonn i den gamle verkstaden til å ligga på rundt 1000 tonn i året i det store nybygget lengre inne i Hegglandsdalsvegen.

I slutten av 2015 måtte den nye hallen utvidast noko for å få plass til eit monster av ei ny kappe- og boremaskin, i desse dagar blir ei ny robotsveiselinje montert.

– Med denne kan vi produsera hattebjelkar sjølv, varer vi til no har kjøpt frå andre. Dei nye maskinene aukar produksjonskapasiteten, men den skaper også meir arbeid, så vi aukar bemanninga, seier Sælen.

Verksemda har 24 tilsette i dag, inkludert éin lærling og éin som nett tok fagbrev. Selskapet søkjer no etter platearbeidarar, sveisarar, stålmontørar og maskin- og robotoperatørar.

– Vi har ikkje sagt eit bestemt tal eller ein bestemt søknadsfrist. Vi plar ha mange søkjarar, men det er ikkje alltid lett å finna nokon med erfaring.

– Er det, som det har vore i byggebransjen, god tilgang på utanlandsk arbeidskraft?

– Den eine gongen vi annonserte på Finn.no hadde vi 150 søkjarar, 50 av dei hadde aldri vore i Noreg før. I dag har vi éin frå Polen, som har vore her lenge, og éin innleigd frå Litauen. Vi prioriterer dei med god norsk-kunnskap, derfor lyser vi helst ut stillingane lokalt.

 

Fleire saker