Lokal | 08. nov. 2013

Jomfru-skulptur stolen

Bronsesklupturen i Ulvsund har fått stå i fred i 11 år, men er no vekke. – Eg håper dette er ein dårleg idé i fylla, at syndarane vil levera den tilbake, seier Henrik Askvik.

Jomfru-skulptur stolen
Skulpturen, slik den frå august 2002 til november 2013 har stått i Ulvsund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. nov. 2013 09:59

Det var hormusikk, avduking av ordførar Terje Søviknes, over 50 båtar med publikum og festmiddag på Askvik Sjø og Fritid då Havjomfruen og Hippolytus blei avduka i Ulvsund i slutten av august 2002.

Bronseskulpturen er laga av kunstnar Vidar Bratlund Mæland, på oppdrag av Henrik Askvik og kameraten Kurt Ove Engeseth.

Skulpturen har sett sitt preg på innseglinga til Askvik i 11 år, men er no røska vekk.

– Eg blei tipsa onsdag, frå ein som såg at den var vekke, og har sjølv vore ute og sjekka. Skulpturen skal ha stått der laurdag, men var vekke søndag.

– Vi hadde med sjøkikkert, i tilfelle den var velta av bølgjer eller anna. Men dei fire boltane den sto på er røska opp, så det er nok dessverre snakk om eit tjuveri.

– Legg den på kaien så er alt gløymt

Bakgrunnen for forminga og monteringa av skulpturen er ein mimrekveld Henrik og Kurt Ove hadde, der dei sat med utsikt over Ulvsund og snakka om alle dei fine stundene dei hadde der i ungdomen.

"Det skulle vært reist ein skulptur som minne" spøkte dei to, og sånn blei det. I tillegg til å legga pengar i potten sjølv, blei fleire verksemder med på speiselaget.

– Eg håper forklaringa er at nokon har vore på fest og i ein svak augneblink synest dette var morosamt.

– Uansett kven som har tatt den eller kvifor, oppmodar eg dei om å levera den tilbake. Dei kan gjerne legga den på kaien ved Båtens Beste, anonymt ein kveld. Vi er ikkje ute etter syndaren, vi vil berre ha den tilbake.

Guddommeleg verdi

Spleiselaget betalte 50.000 kroner for skulpturen.

Namnet, Havjomfruen og Hippolytus, stammar frå gresk mytologi og historia om Hippolytus.

- Vi har drege historia litt lengre og ser for oss at ei havjomfru fekk medkjensle for Hippolytus, og henta han opp frå djupet, sa Henrik Askvik etter avdukinga i 2002, ikkje redd for å dikta sine eigne gudehistoriar.

– No håper eg vi får den tilbake. Mange har hatt glede av denne fine kunsten i sundet, nokon har nok undra seg over den òg. Men dette er installasjonar som bør få stå i fred, både for vår del, for kunstnaren sin del og for båtfolket som får seg noko utanom det vanlege når dei kjører forbi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.