Jon Sivert Rykkel (V) før han blei plassert på bakerste benk mens kommunestyret behandla søknaden hans. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jon Sivert Rykkel fekk fritak

Haugland og Nøttseter overtar plassen i formannskapet og eigedomsutvalet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I april blei det klart at Jon Sivert Rykkel går frå Osbadet KF til nyoppretta stilling som konsulent for næringssjef Daniel Skotheim.

Han byrjar i den nye jobben 1. august, og har i samband med den nye rolla søkt om fritak frå alle sine politiske verv. Rykkel er i sitt sjuande år som fast medlem i kommunestyret for Venstre.

Han er i tillegg medlem i desse utvala: Formannskapet, eigedomsutvalet, fellesnemda og er politisk representant for styret i Søfteland barneskule.

– Kvifor har du søkt om fritak frå alle?

– Eg meiner det kan bli for mange situasjonar der eg føler at eg har dobbeltroller, eller der det kan bli spørsmål om eg er ugild (inhabil).

– Har du ei formeining om kor stor del av dei politiske sakene du ser for deg handlar om næringsliv, saker der du kan vera ugild?

– Nei, det er vanskeleg å seia. Derfor synest eg det var greit at kommunestyret tok denne vurderinga.

Administrasjonen ville gje fritak for 2 av 5

«Kommunestyret og fylkestinget kan etter søknad frita, for et kortere tidsrom eller resten av valgperioden, den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet.»

I si saksbehandling skriv administrasjonen: Kravet til fritak er ikkje ein alminnelig «vanskelighet eller belastning» men at dette skal vere «uforholdmessig». Det er uklart i kor stor grad stillinga inneber at han vil vere ugild.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:

Jon Sivert Rykkel får frå 1. august fritak frå desse verva sine i Os kommune.
• Eigedomsutvalet – fast medlem
• Politisk representant for styret i Søfteland barneskule

Jon Sivert Rykkel får ikkje fritak frå desse verva i Os kommune:
• Kommunestyret – fast medem
• Formannskapet – fast medlem
• Fellesnemda – fast medlem

Gjekk samrøystes inn for fullt fritak

Det blei ingen debatt om saka i kommunestyret tysdag kveld, men Jakob Enerhaug (KrF) la fram eit alternativt forslag til vedtak på vegne av KrF, Venstre, TvS, MDG og Senterpartiet.

I dette forslaget gav han Rykkel fritak frå alle folkevalde verv.

Plassen i kommunestyret blir erstatta etter vallista.

Enerhaug ramsa vidare opp kven som erstattar Rykkel i dei andre utvala:
Eigedomsutvalet, fast plass: Nils-Anders Nøttseter, MDG
Eigedomsutvalet, vara: Glenn Erik Haugland, V
SU Søfteland barneskule, vara: Astrid Dale, V
Formannskapet, fast plass (inkl. valstyre): Glenn Erik Haugland, V
Formannskapet, 2. vara (inkl. valstyre): Mari Lund Eide, V
Fellesnemnda, fast plass (inkl. valstyre og partssamansett utval): Nils-Anders Nøttseter, MDG
Fellesnemnda, 3. vara (inkl. valstyre og partssamansett utval): Glenn Erik Haugland, V

Forslaget gjekk til votering og blei samrøystes vedtatt.

Fleire saker