midtsiden

Jon-Terje og John var raskast

Jon-Terje Lepsøy og faren John vann kapproinga under Oselvarfestivalen laurdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For to månadar sidan kjørte han i 100 knop og dansa i Batman-drakt i Bergen Poker Run, laurdag rodde Jon-Terje Lepsøy oselvar, først med jentene sine, så med den spreke faren sin, John Lepsøy.

- Det har blitt tradisjon dette, vi får sjå om vi klarar å slå Bjørnevik-familien i år, sa Jon-Terje før kapproinga starta.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Vil ha fleire med
For nokre år sidan klarte arrangørane å lokka både bedrifter og kameratgjengar til intern konkurranse i den faste kapproinga under Oselvarfestivalen.

No er det ikkje mange med utanom båtbyggar Hallgeir Bjørnevik og arbeidsdykkar Jon-Terje Lepsøy med familiar som stiller opp.

- Konkurransen har potensiale til langt fleire deltakarar, men det krev ein del innsats på førehand for å få folk med, og det hadde vi ikkje tid og ressursar til i år.

- Men eg har nokre idear til korleis vi kan gjera det framover, så Lepsøy og Bjørnevik skal nok få meir konkurranse, seier Rune Søvik frå Oselvarlaget.

1. plass til Hallgeir og Markus
Deltakarane stilte opp i to klassar, føring og kapproingsfæring. Seks båtar stilte til start i to heat i vanleg færing.

1. plass: Hallgeir Bjørnevik og sonen Markus 3.59.
2. plass: Jon-Terje Lepsøy og døtrene My Therese, Victoria og Johanne 4.40
3. plass: Edvard Bjørnevik og barnebarnet Trygve 4.54
3. plass: Edvard Bjørnevik og barnebarnet Endre 4.54
5. plass: Endre og Arthur 5.30
6. plass: Erlend og Andreas 6.49

Lepsøy raskast
I den siste og raskaste klassen var det to båtar som deltok.

Jon-Terje Lepsøy og faren John rodde ganske likt med Hallgeir Forstrønen Bjørnevik og søstera Solfrid Forstrønen fram til runding på den noko lengre banen enn dei andre rodde på.

Men etter runding hamna Hallgeir og Solfrid eit stykke ut i straumen medan John og Jon-Terje heldt stø kurs kortaste veg til mål.

Jon-Terje og John kom i mål på 4.35, Hallgeir og Solfrid på 4.58.

VIDEO: Os Durspel-samband spelte i Oselvarnaustet før kapproinga, der vi først ser regatta i vanleg færing så i kapproingsfæring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fleire saker